NRK Meny

Losna fliser stengjer basseng

Det populære badeanlegget i Trivselshagen på Sandane må halde stengt i minst ein månad grunna skadar. Anlegget stod klart til bruk for tre år sidan. No losnar flisene i bassenget. Driftsleiar Anniken Rygg vedgår at behovet for reparasjonane kom tidlegare enn venta. – Det er vanleg med driftsintervall på tre-fem år der ein må ta større vedlikehald og må stengje. Men vi hadde håpa vi kunne vente nokre år til, seier ho.

Trivselsbadet på Sandane
Foto: Asgeir Reksnes / NRK
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser