Hopp til innhold

Losji for 18.000 garn

Oppbevaring av garn har vorte ei blomstrande forretning på Værlandet.

Værlandet Fiskeredskap

- Det kan vel samanliknast med eit dekkhotell. Garnbåtane kan leige den plassen dei treng og oppbevare garn i kortare eller lengre tid, seier dagleg leiar Audun Oddekalv i Værlandet Fiskeredskap.

Den vesle verksemda starta i den små som attåtnæring på ei sjøbu på Værlandet i 1996.

Fem tilsette

No har dei fem tilsette og nye, store lokale der fiskebåtane kan leige plass til 17-18.000 garn og annan reiskap som skal lagrast eller reparerast.

- Då slepp dei å transportere garna rundt omkring. Dei kan levere dei opp til oss så ser vi over dei og avtalar i kvart tilfelle kva som skal gjerast.

- Men de gjer vel ikkje det gratis?

- Nei, vi har ein pris på alt så dei kan velje sjølv om dei vil plukke ut det som er øydelagt og levere det slik at vi kan skjere det vekk.

- Men har ikkje dei fleste fiskarane sjøhus sjølve slik at dei kan styre med reiskapen sin sjølve?

- Det er mange yngre fiskarar som gjerne har investert tungt i båt og kvotar sjølve som gjerne vil sleppe å investere så mykje på land. Så det er eit behov, merkar vi, seier Oddekalv.