Hopp til innhold

Legg ned arbeidet, men 118 års fråhaldshistorie får leve vidare

BREMANGER (NRK): Losje Havråk legg ned fråhaldsarbeidet og har seld losjehuset Heimen. Men 118 års fråhaldshistorie skal leve vidare.

Film om historia til Losjehuset Heimen, tidligare eigd av Losje Havråk.

DOKUMENTAR: Ein snutt av dokumentaren om losje Havråk og losjehuset Heimen. Dokumentaren er laga av Dorthe Vaagan, forteljarstemme er Rolf Eikeset og musikken er av Ola Moum.

– Det er ikkje mange losjar i Noreg som kan vise til sin eigen dokumentar, seier leiar for IOGT-losjen Havråk, Kjell Torvanger.

I det gamle losjehuset Heimen var det fredag utstilling og verdspremiere på dokumentaren, der ein møter Torvanger og to av dei attverande medlemane i losjen.

Fråhaldsrørsla og IOGT stod tidlegare sterkt i Noreg, men i takt med tida har medlemstala gått frå 4000 til 104 medlemmar i Sogn og Fjordane. Losje Havråk hadde på det meste over 100 medlemmar.

– Det er naturleg å leggje ned losjen, då alle av oss har vore med i over 60 år. I dag er vi sju medlemmer og ingen nye kjem til. No er eg mest spent på kor mange som kjem for å sjå utstillinga og dokumentaren, fortel Torvanger.

Kjell Torvanger

UTSTILLING: Kjell Torvanger tok seg tid til å sjå over utstillinga, før framsyninga av dokumentaren tok til.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Ein viktig møteplass

Reidun Øvrebotten og Kjell Torvanger

FORMIDLE HISTORIE: Reidun Øvrebotten vil formidle historia til losje Havråk.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Då eg kjøpte huset og gjorde det om til eit kulturhus, spurde Kjell Torvanger om eg hadde ei ledig hylle til nokre protokollar frå losjen. Eg ville gjerne formidle historia om fråhaldsrørsla, og ein dokumentar ville gjere det heile meir levande, fortel eigar av Kulturhuset Heimen, Reidun Øvrebotten.

Øvrebotten meiner Bremanger har mykje å takke losjen for, særleg for Heimen der det gjennom åra har vore alt frå juletrefestar til ulike kurs og kino.

– Det er losjen som har sørga for at huset er her i bygda. Fråhaldsrørsla stod for eit viktig kulturtilbod då det tidlegare ikkje fanst noko anna, seier ho.

Les òg: Vel å vere avhalden

– Handlar om mykje meir enn fråhald

Dorthe Vaagan

ENGASJERANDE DOKUMENTAR: Dorthe Vaagan diskuterer filmen med publikum.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Losje Havråk og Reidun Øvrebotten hyra inn fotograf Dorthe Vaagan. 25 år gamle Vaagan visste lite om historia ho skulle dykke inn i.

– Eg visste ikkje mykje meir enn at dei ikkje drakk alkohol. Først då eg møtte medlemane i losje Havråk, forstod eg at fråhaldsrørsla handlar om mykje meir enn fråhald, seier Vaagan.

Dokumentaren skal vere eit fast inventar i Heimen.

– Losjen har betydd mykje for mange, og meininga er at ein skal forstå at losjen er opplevingar og minner, heller enn å ta avstand frå alkohol, fortel Vaagan.

Les òg: Åse og Jakob kjemper for avhalden-saka i utelivsbyen Stavanger

Aldri for seint

På veg inn dørene til framsyninga av dokumentaren, går Kjell Torvanger med spente steg. Han stoppar opp og tek seg god tid til å betrakte dei frammøtte i kinosalen.

– Eg hadde aldri trudd det skulle komme så mykje folk, fortel han.

Det tek lang tid før applausen stilnar etter framsyninga, før Torvanger tek ordet.

– No kan eg ikkje anna enn å annonsere eit ekstraordinært møte i losje Havråk på måndag, så alle frammøtte har god tid på å melde dykk inn i helga.