NRK Meny
Normal

Løpar segna om - Hafsås vann

Medan Helge Hafsås som vanleg stakk av med sigeren, var det andre som fekk eit tøft møte med varmen langs Jølstravatnet.

Helge Hafsås vinn Jølster Maraton

GJORDE SOM HAN VILLE: Helge Hafsås er kongen av Jølster Maraton, og var ustoppeleg også i varmen langs Jølstravatnet.

Foto: Johnny Solheimsnes

- Ein løpar segna om berre 200 meter før mål, opplyser Johnny Solheimsnes.

Det var opp mot 24 grader i skuggen under dagens Jølster Maraton, og arrangøren reknar med at om lag ti løparar måtte bryte løpet.

Lege kom raskt på staden

Verst var det for løparen som segna om like før målpassering.

- Han var utmatta, og vi måtte kjøle han ned. Så kom han seg, seier Solheimsnes.

Det er berre eitt år sidan ein løpar under Jølster Maraton låg medvitslaus i ein halv time - også denne gongen etter at han gjekk heilt tom for krefter i varmen.

I år hadde arrangørane alliert seg med lege, som kom raskt på staden og tok seg av løparen. Vedkommande vart send til sjukehus i ambulanse.

Hafsås suveren som vanleg

Den som derimot takla varmen best var - som vanleg - Helge Hafsås. Olden-løparen sprang inn til nok ein siger i Jølster Maraton. Tida vart ikkje betre enn 2.47,07, men det var ti minutt raskare enn Odd Arne Engeseter.

Det heldt likevel til Hafsås sin maraton-siger nummer 133 totalt i karrieren.

I dameklassen stakk Dorte Foss frå Faufoss av med sigeren på tida 3.24,24.

Audhild Hestad frå Gaular vann halvmaraton for damer på 1.25,37. Her vann Alexander Bjørvik frå Tjalve med 1.16,44.

André Haugsbø frå Gaular vann 10-kilometeren for herrar på 33.57, medan Hilde Åsheim frå Osterøy vann dameklassen på 37.33.

Fekk ein liten deltakaroppgang

Heile 269 løparar starta årets utgåve av Jølster Maraton. Det er ein liten oppgang frå dei siste åra, då løpartalet har vore om lag 220.

- Det er kjekt å få eit lite løft igjen, konstaterer Solheimsnes.

- Arrangementet gjekk stort sett greitt. Det er eit rutinert mannskap etter så mange år, seier han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune