Ifølgje han sjølv er det kome inn forslag om å fjerna tillegga i løna hans, og han vil då sitja att med grunnløna.
Grunnløna til Shanker er 370.000 kroner, men med tillegg er han oppe i 394.000 kroner.
På botn i landet
Likevel er denne løna på botnnivå i landets kommunar. Den norske Legeforening seier at grunnløn for kommunelegar skal liggja mellom 400 og 600.000 kroner.
Shanker såg difor raudt då kommuneadministrasjonen og politikarar ifølgje han sjølv ymta frampå med å fjerna tillegga hans.
Shanker seier at det aldri har vore aktuelt for han å krevja høgare løn, og at det utelukkande var forslaga om å fjerna tillegga som var avgjerande for oppseiinga hans.