Hopp til innhold

Lommemannen nektar for overgrepa

Erik Andersen står tiltalt for overgrep mot tre gutar på ferie i Sogn og Fjordane. Saka vart behandla i Follo tingrett i dag.

Dommerpanel follo tingrett, "Lommemann-saken"

Dommarpanel i Follo tingrett i 'Lommemannsaka'. Arkivbilete.

Foto: Jon-Michael Josefsen / Scanpix

- Sommaren for tre år sidan var ein far og sønene hans på ferie og innom eit badeanlegg i Sogn og Fjordane. Der skal gutane ha vorte utsettt for eit overgrep. Erik Andersen seier han ikkje har noko med dette å gjera, seier Ragnild Bjørge, NRK-reporter i Follo tingrett.

Var innanfor rekkjevidde

Erik Andersen - den såkalla lommemannen - er tiltalt for overgrep mot 66 gutar mellom 6 og 12 år. Andersen har tidlegare innrømt grove overgrep .

Tre av dei 66 overgrepa skal ha skjedd i Sogn og Fjordane, og to av gutane har forklara seg. Her innrømmer lommemannen ingenting.

Lommemannen

Overvakingsbilete av lommemannen. Arkivbilete.

Foto: Novemberfilm as / NRK

- Gutane er så unge at dei slapp å forklara seg for retten, men det vart avspelt dommaravhøyr av begge to. Eitt avhøyr frå 2006 og eitt frå 2008, men Andersen erkjenner altså ikkje straffskuld, seier Bjørge.

- Nektar han for å ha vore til stades.

- Han nektar for å ha vore i badeanlegget, men det er forrvirring rundt kor vidt Andersen var i området. Han seier at han har vore på ein fjelltur, og utfrå utskrifter på ei telefonrekning hugsar han å ha vore innanfor rekkjevidde. Men han seier at han ikkje kjenner til det gutane forklarar.

Ny fase i saka

I morgon skal faren og mora til gutane koma med sine forklaringar. Då skal også fleire politietenestemenn og -kvinner skal forklara seg.

- Etter denne veka er slutt, har ein gjort unna fyrste del av lommemannsaka. Så skal ein over til sakkunnig, der mellom andre legemiddelindustrien skal forklara seg. Då skal også familien til Erik Andersen koma med sine forklaringar. Viss ein er heldig vert det endelege prosedyrer i saka rett over påske, forklarar Bjørge.