Næringssjef i Flora kommune, Eivind Hjellum, lokkar kronprinsparet med hyttetomt for å få dei som feriegjester i kommunen. Det har vore mykje strid rundt dei kongelege sitt forsøk på å kjøpe seg hytte i Kristiansand, heimbyen til Mette-Marit.
Dette har altså fått Hjellum til å kaste seg inn i kampen om kronprinsfamilien sin gunst. For ifølgje næringssjefen bør Haakon og Mette-Marti no sjå vestover til dei mange ferieparadisa langs kysten av Sogn og Fjordane.
Eivind Hjellum
- Mykje å by på
- Florø har mykje å by på. Vi har perler som Svanøy, Rognaldsvågen, Kinn og Batalden, seier Hjellum. Han håper kronprinsparet får ein hyttetomt dei har lyst på. Men for dei og andre som ikkje får plass på Sørlandet, så er det eit godt alternativ i Flora, for her er så mykje plass, seier han.
- Øymiljø
Foto: Karen Marie Elvik Svoen
Kronprinsparet ønskjer seg i utgangspunktet ei hytte på Flekkerøya utanfor Kristiansand. Hjellum innser at nett det gjer konkurransen tøffare.
- Det kan ikkje vi konkurrere med, men vi har mykje anna å tilby. Florø er ein liten og koseleg by som på mange måtar minnar om sørlandsbyar. Det er kort veg frå hovudstaden med fly, og vi har eit øymiljø utanfor Florø med gode båtruter, seier Hjellum.
- Spanande klima
Vestlandsveret har eit dårleg rykte, og Florø er ikkje noko unnatak. Hjellum vedgår at ver og klima kanskje ikkje er på hans side.
- Vi har ikkje så mange soldagar som det er på søraustlandet. Men det spørs litt kva ein er ute etter. På Vestlandet er det vekslande klima som er spanande, seier han.