NRK Meny
Normal

Lokalt slakteri i Vik

Fem bønder i Vik går saman om å opne eit nytt slakteri frå komande veke. Olav Arnar Bø er ein av dei, og han seier både dyra og bonden sjølv vil tene på dette.

- Vi ynskjer at vi som produsentar skal sitte att med litt meir sjølve. Det er ein føresetnad for å kunne halde fram med gardsbruk og småbruka her rundt i distriktet, trur eg.

 

Bort med lang transport

Sidan 2002 har dei fem bøndene i Vik jobba med planar om å få til eit eige slakteri. Store deler av slaktet skal vere økologisk, og planen er at bøndene sjølve vil levere rundt 20 tonn slakt. Dessutan ønskjer dei å redusere den lange transporten av dyra.

- Det er ei utvikling som stadig fleire reagerer mot, og som eg trur reduserer kvaliteten på kjøtet. Ved å slakte lokalt trur eg kvaliteten på produktet til forbrukarane blir betre.

Skreddarsydd tradisjonsmat

Bøndene skal ikkje berre slakte dyra, men også drive vidareforedling. Dei håpar å få til produkt som pinnekjøt og tradisjonsmat som dei kan skreddarsy til restaurantar blant anna i Bergen.

- Mobilslakteri ikkje konkurrent

Nyleg kom Jarl Iversen frå Holmedal i gang med eit mobilt slakteri. Olav Arnar Bøe trur ikkje dei vil bli konkurrentar.

- Vi vil  berre ynskje mobilslakteria velkomne, vi tykkjer dei har ein fin filosofi.

Slakteriet i Vik skulle etter planen alt ha vore i gang. Dei er no i innspurten, og etter at Mattilsynet har vore på kontroll er det like før. Olav Arnar Bø håpar dei kjem i gang neste veke.