Hopp til innhold

Samarbeidsbrygg gav dei gullmedalje i verdas største ølbryggingskonkurranse

Evan Lewis vakna til ein epost han knapt kunne håpa på fredag morgon. Under verdas største ølbryggingkonkurranse henta fire av åtte øltypar heim edelt metall.

Evan Lewis

KAN GLISE: Evan Lewis og kollegaene i Ægir bryggeri kan glede seg over resultatet frå siste Australian International Beer Awards.

Foto: Arne Veum

I sitt tredje forsøk henta Ægir bryggeri i Flåm heim gullmedalje under Australian International Beer Awards (AIBA).

Frå 2013 og 2011 hadde bryggeriet tre bronse og eitt sølv. Etter årets prisutdelingar kan dei leggje til tre sølv og eitt gull.

– Vi har vore med to gonger før og eg hadde eit håp om at ølet hevda seg, men det var godt å endeleg få gullmedaljen, seier sjefsbryggar Evan Lewis.

Verdas største konkurranse

For utmerkingane er eit kvalitetsstempel som heng høgt i bryggemiljøet. Konkurransen såg dagens lys som ein nasjonal konkurranse tidleg på 80-talet. Etter AIBA vart internasjonal i 1993 har interessa berre vakse og vakse.

I år vart 1.732 øl vurdert av den internasjonale juryen på over 50 medlemer. I alt 344 bryggeri frå 35 land deltok. Ægir stilte med åtte ulike typar.

– Det er jo først og fremst veldig kjekt å få internasjonal merksemd rundt Ægir. Men det å få fire medaljar blant 1.700 innsende øl er ganske stort, seier Lewis.

Samarbeidsbrygg

– Dette viser at det er mange andre land som har lyst på spennande handverksøl frå Norge, legg sjefsbryggaren til.

Det var hybridsorten Bæver som fekk gullmedaljen.

– Det er eit samarbeidsbrygg som vi har gjort med bryggeriet Beavertown Brewery i London. Det er som ein dobbel white IPA, som eir ein blanding av belgisk whitebeer og Indian Pale Ale, med eit spennande citrus særpreg, seier han.

Satsar ute

Bryggeriet som vart etablert av Lewis og Aud Melås i 2007 har opp gjennom tida henta heim ei rekkje prisar for ølet. Dei seinare åra har dei også vore å finne i Sverige, Finland, Danmark, Frankrike og USA.

Merksemda i Australia gir ikkje mindre lyst til å ekspandere utanfor landegrensene.

– Vi har sikta lenge på distribusjon utanfor Norge, og dette er noko vi vil satse endå meir på. Å få desse prisane hjelper veldig når det kjem til å diskutere med distributørar, seier han.