Hopp til innhold

Uro etter innbrotsbølge: – Det kan gå gale

Ei rekkje innbrot gjer at folk i Stryn og Hornindal er ekstra på vakt i desse dagar. – Skremmande at det kan skje her, seier Erlend Solhaug Myklebust.

Marie Espe

SKJØNAR UROA: Politibetent Marie Espe skjønar at folk er uroa, og ber dei melde frå om mistenkelege ting.

Foto: Elias Engevik / NRK

– Eg tenkjer at det kan skje oss også. Eg veit tjuvane har vore inne i hus der folk har vore heime, seier Runar Walaker ved Stryn vidaregåande skule.

Mellom torsdag og laurdag var ein eller fleire tjuvar innom fleire bustadhus i Hornindal, Stryn og Oldedalen, og stal sølvtøy og datautstyr. Dei braut seg og inn i bilar.

Måndag vart ein 19 år gamal mann frå Litauen arrestert i bilen sin, etter tips frå publikum. Han er sikta for grovt tjuveri, og vart i dag varetektsfengsla i fire veker. Politiet sa i går at dei trur fleire er involverte.

– Vi jobbar med fleire teoriar. Vi etterforskar og prøver å finne ut om det er fleire som står bak, seier politibetent Marie Espe i ettermiddag.

– I verste fall kan det gå gale

Runar Walaker og Erlend Solhaug Myklebust

SKREMMANDE INNBROT: Meiner Runar Walaker (t.v.) og Erlend Solhaug Myklebust.

Foto: Elias Engevik / NRK

Medan jakta på andre eventuelle gjerningsmenn pågår, gjer elevane ved Stryn vidaregåande seg sine tankar.

– Du veit ikkje kven dei er eller kva dei har med seg, så i verste fall kan det jo ende med at det går gale, seier Walaker.

– Alle er samde om at det er skremmande. Det er skremmande at det skjer innbrot i utkantane, heilt inst i Oldedalen, som dei fleste ser på som ein trygg stad, seier klassekameraten til Walaker, Erlend Solhaug Myklebust.

– Dei er frekke

Politiet sine bilete av fotavtrykk etter innbrot

FOTSPOR: Bilete frå ein av åstadane.

Foto: Politi

Det Solhaug Myklebust trur er tjuven eller tjuvane, har vore heime på tunet ved familiehuset i Oldedalen. Etterpå var ein mann oppe hjå naboen og spurde om å få låne ein skiftenøkkel.

– Det har vore innbrot hjå ein annan nabo i Oldedalen. Det er veldig skremmande. Det har vore sett fleire bilar i samband med innbrota, så eg er ganske sikker på at det er fleire, seier Solhaug Myklebust.

Walaker er også sikker i sin sak.

– Dei er veldig frekke. Dei kjem langt opp på tunet og stel og fer att, sjølv om det er langt frå sentrum. Dei må vere organiserte og fleire om det, tenkjer eg.

Vil ha meir hjelp frå folk

Politibetent Mari Espe skjønar at folk er uroa.

– Det er vel ein viss utryggleik når ein veit det har vore så mange innbrot i området.

No oppmodar ho publikum om å passe på og melde frå til politiet.

– Meld frå om bilar, folk som oppfører seg mistenkeleg oppførsel eller utanlandsregistrerte bilar. Lås døra, lås bilen og legg merke til om det er spor i snøen rundt huset eller bilen. Ring og sei ifrå, seier Espe.