Lokalpolitikaren Bjarte fekk melding om at han var ei skam for bygda

Då Bjarte Gangeskar røysta nei til skjenkeløyve til den lokale bakaren, begynte det å ulme i kommentarfelta. Lokalpolitikken er blitt ein arena med hets og personangrep.

Bjarte Gangeskar

GAV OPP Å LESE ALT: – Når det vert titalets og gjerne hundretals kommentarar så er det noko med det totale trykket som gjer at eg får behov for å seie i ifrå, seier Bjarte Gangeskar (V) frå Gloppen.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Nokre kommenterer intelligensnivået mitt. Dei spør om eg er maktsjuk, skriv at eg opptrer som ein småkonge.

Bjarte Gangeskar sukkar. Han er vald av innbyggjarane i Gloppen til å ta små og store avgjerder. Etter eit kommunestyrevedtak begynte tekstmeldingane å tikke inn på mobil.

– Ein skreiv at eg er ei skam for bygda. Det er karakteristikkar som eg tenkjer ikkje har noko med saka å gjere, seier Gangeskar.

Lite motiverande

Debattarenaen er utvida. Frå kommunestyresalen og lokalavisa til stor aktivitet på sosiale medium. Forskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking meiner den politiske debatten er blitt tøffare, med fleire personangrep.

– Dei største utfordringane er hets og personangrep. For politikarane som vert utsett for tøffe angrep så er det ikkje enkelt å stå i det.

Oslo sin miljøbyråd Lan Marie Berg (MDG) er blitt utsett for grov hets og sjikane. I fjor vedgjekk Berg at ho truleg ikkje hadde våga å bli heiltidspolitikar om ho visste kor mykje hets ho kom til å få i sosiale medium.

– Konsekvensen kan bli at folk ikkje ønskjer å stille til val, eller at etablerte politikarar ikkje tek attval som følgje av eit tøft debattklima, seier Johannes Bergh.

Så øyra flagra

Ein opprivande debatt om kommunesamanslåing har prega Vågsøy siste månadane. Engasjerte folk har fått så øyra flagra og lokalpolitikarar er blitt hetsa.

– Vaksne seier til oss at vi skal oppføre oss, og så klarar ikkje dei det sjølve ein gong, seier Amila Adzemovic, leiar i Vågsøy ungdomsråd.

Adezemovic (16) vart så skuffa over debattkulturen at ho skreiv kronikken «Når voksne ikke er forbilder». Motivasjonen til å fortsette i politikken har fått seg ein knekk.

Amila Adzemovic og Tobias Aarvik stemte under folkeavstemminga om Kinn kommune

SKUFFA: Leiar i Vågsøy ungdomsråd, Amila Adzemovic avslutta kronikken sin med ord: Vær snille med hverandre, er det for mye å be om?

Foto: Silje Guddal / NRK

– Viss du veit du kjem til å få hets og negative kommentarar, så fristar det ikkje for nokon som ikkje har til intensjon å krangle å vere med i debatten.

Ber folk tenkje seg om

Bjarte Gangeskar tok til slutt til motmæle. I eit Facebook-innlegg varsla han at neste usaklege tekstmelding kom til å bli lagt ut offentleg på Facebook. Då slutta telefonen å pipe. Han jaktar ikkje sympati, men er uroa for konsekvensane.

Bjarte Gangeskar på Facebook

TIL MOTMÆLE: Etter at Bjarte Gangeskar og andre reagerte på Facebook-kommentarane har fleire meldingar blitt sletta. Dette er eit utdrag frå teksten Gangeskar la ut.

– Eg veit om folk som har gode innspel, men som vegrar seg for å flagge det offentleg, for det vert så mykje styr. Dét er eit mykje større problem enn at eg har fått ubehageleg meldingar.

Bergh viser til at dagens ungdom veks opp med sosiale medium, og difor har eit anna forhold til nettdebattar.

Kanskje vil den oppveksande generasjon ha ein annan tone enn den vi ser akkurat no, det kan vi i alle fall håpe på.