Vil nå ut med informasjon til folket ved å strøyme kommunestyremøta

Direktesende kommunestyremøte på nett- tv skal vere eit tiltak for å nå ut med meir informasjon, seier Joakim Systaddal i Hyllestad kommune.

Joakim Systaddal

INFORMASJONSARBEID: Joakim Systaddal i Hyllestad kommune seier strøyming av kommunestyremøta skal gjere at fleire får med seg det som går føre seg på møta.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Hyllestad er ein av fleire og fleire kommunar som no innfører såkalla strøyming av kommunestyremøta – direkte video frå møta.

Systaddal seier at målet er å nå ut til folk, trass manglande informasjon i media.

– Vi får stadig mindre merksemd i lokalpressa, til dømes. Sånn sett er dette ein måte å bøte litt på det med veldig tilgjengeleg informasjon som alle kan nå frå ein mobil eller pc, seier Joakim Systaddal som leiar for omstillingsarbeidet i Hyllestad kommune.

Vinn tilbake kontrollen

Før i tida kunne folk lese side opp og side ned med referat frå kommunepolitikken i avisa.

No innfører fleire og fleire kommunar strøyming, som gjer at folk kan ligge heime på sofaen å følge møta på video. Hjå fleire blir alt lagra, slik folk kan sjå det på internett i etterkant.

Forskar og førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, Jakob Aars, trur videoane kan vere eit forsøk på å nå ut til innbyggjarane med informasjon, lenge etter referata er historie.

– Mange av lokalpolitikarane sjølv meinte at lokalavisene ikkje har gjort jobben godt nok med å gje grundige nok referat ifrå kommunestyremøta. Så dette er kanskje eit forsøk frå lokalpolitikarane si side for å vinne tilbake kontrollen over formidlinga av kva som skjer under møta, seier Aars.

Halde politikarane til ansvar

Anders Moen i Flora kommune direktesender frå bystyresalen

DIREKTE: Anders Moen i Flora kommune direktesender frå bystyresalen.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Dersom folk får vite kva politikarane meiner, gjer, og stemmer i kommunestyret, kan dei gjere meir informerte val når seddelen skal i stemmeurna, trur Aars.

– Det er ei auka moglegheit til å halde politikarane til ansvar for den politikken dei fører, eller lar vere å føre, seier han.

Flora og Hyllestad er blant kommunane som nyleg har innført strøyming. Joakim Systaddal i Hyllestad kommune seier eit anna viktig mål er engasjerte innbyggjarar.

– Det at vi får ut informasjon om kva både politikarane og resten av kommuneadministrasjonen jobbar med og kva dei har på agendaen, det har vi sett på som ein riktig del av det arbeidet, seier Systaddal.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.