– Med dette er sjansane hans til fire nye år på Stortinget kraftig redusert, seier leiaren i nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane Høgre, Ingrid Astor.
Mistillit
Enno manglar det liste frå tre lokallag, men konklusjonen skulle vera nokså grei. Dette er klar mistillit til tannlegen frå Selje, som er inne i sin andre periode på Stortinget for Sogn og Fjordane Høgre.
Og Hoddevik har fått kritikk frå partifeller, mellom anna refsa Eivind Grov frå Stryn han i fylkestinget for at han ikkje har gjort nok for å få auka vegløyvingar.
Dei sju laga som har Hoddevik med på lista si er Askvoll, Eid, Førde, Gloppen, Hornindal, Selje og Vik. Dei 13 andre lokallaga som har sendt inn listeframlegg har vendt tommelen ned for attval av Hoddevik.
Aarebrot Madsen seglar opp
Dei som går att på flest lister frå lokallaga i Høgre er Edith Aarebrot Madsen frå Flora, Mathias Råheim frå Gaular, Bjørn Lødemel frå Hornindal, Noralv Distad frå Aurland og Ole Gunnar Krakhellen frå Solund, som er ungdomskandidaten.
Astor viser til at det er fyrst ved andre gongs nominasjon at lokallaga gjer ei endeleg prioritering.
– Dessutan er det nominasjonsnemnda som set opp den endelege lista, og då er det mange omsyn å ta, seier Astor.
Likevel er leiaren i nominasjonsnemnda klar: – Dette ser alvorleg ut for Sverre Hoddevik, slår høgreveteranen fast.
Ikkje skuffa
Sjølv seier Hoddevik han ikkje er skuffa, sjølv om dei fleste lokallaga ikkje vil ha han med på lista til neste stortingsval. Hoddevik har site på Stortinget i to periodar og seier at han overlet til partiet å vurdere om han bør få fleire sjansar. - Det einaste eg vil gjere, er å stille meg til disposisjon neste år, seier han.