Hopp til innhold

Lokallag vil kaste Øberg og Mowatt

Eid Arbeiderparti vil ha Clara Øberg og Harry Mowatt ekskluderte frå partiet.

Clara Øberg og Harry Mowatt.

Lokallag vil ekskludere Clara Øberg og Harry Mowatt frå partiet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Lokallaget meiner dei to ikkje tek politiske signal og motarbeider partivedtak, skriv Firda.

– Øberg og Mowatt har i sitt arbeid i Helse Førde-styret ikkje vist vilje til å rette seg etter styringssignal frå Jens Stoltenberg, samt klare signal frå helsestatsråd Anne-Grethe Strøm-Erichsen om at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned, skriv Eid Ap.

Harry Mowatt meiner ekslusjonsinnspelet er vanvittig, medan Clara Øberg seier dette viser kva avsporing helsedebatten har fått.

– No handlar det berre om kven som kan komme lengst med å gå laus på personane, seier ho til avisa.

Eksklusjons-innspelet skal no handsamast av fylkespartiet og fylkesleiar Nils P. Støyva.