Hopp til innhold

Lokale vil overta drift av sjukehus

Ei lokal gruppering, med Vågsøy-ordførar Roger B. Silden og pensjonert sjukehuslege Rune Muri i spissen, jobbar for at ein idell organisasjon skal overta drifta av Nordfjord sjukehus.

Nordfjord sjukehus

PÅ PRIVATE HENDER: Ei gruppe tunge aktørar jobbar med ein idé om å ta over drifta av Nordfjord sjukehus.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Tunge aktørar i Nordfjord nektar å godta Helse Førde sine planar om å leggje ned Nordfjord sjukehus og gjere det om til lokalmedisinsk senter.

Første møte onsdag kveld

Ei gruppe frå distriktet er difor sett ned for å sjå på om andre aktørar kan drive sjukehuset vidare, og det første møtet går av stabelen i Vågsøy rådhus i kveld.

Desse er med i arbeidsgruppa:

  • Vågsøy-ordførar Roger B. Silden
  • Pensjonert sjukehuslege Rune Muri
  • Advokat Paul Inge Angelshaug
  • Kommunelege Trond Inselset
  • Sjukepleiar Toril Sørland
  • Hotelleigar Eli Aarskog
  • Leiar for sjukehusaksjonen Svein Hansen

Kan overta vederlagsfritt

Bakgrunnen for initiativet er eit tinglyst gåvebrev frå 1950, i samband med at stiftinga Nordfjord sjukehus vart overteke av det offentlege. Der går det fram at ein ideell organisasjon har rett til å overta sjukehuset vederlagsfritt, dersom det føreligg planar om å leggje sjukehuset ned.

I gåvebrevet heiter det mellom anna:

For å treffe beslutning om nedleggelse av nedleggelse til annet formål, skal det undersøkes om Røde Kors, Norske kvinners sanitetsforening eller lignende institusjoner er villige til å overta den fremtidige frift av sykehuset som sådan.

Korleis finansiere?

NRK er kjend med at sterke krefter i arbeidsgruppa ønskjer å drive Nordfjord sjukehus vidare som lokalsjukehus, med både akuttberedskap og fødeavdelinga - altså på same måte som i dag.

Det avgjerande spørsmålet vil imidlertid vere korleis ein skal greie å finansiere drifta av sjukehuset.

NRK har vore i kontakt med fleire medlemmer i arbeidsgruppa, men ingen har så langt vore villig til å uttale seg om saka.