Hopp til innhold

Sterke resultat i friidrett: Kristiane sikra bronsen trass overtrakk og knuffing i feltet

Fleire utøvarar frå fylket har gjort det svært bra under det store friidrettsstemnnet Verdsungdomsspelen i Gøteborg i dag.

Kristiane Terum

BRONSE TIL KRISTIANE: Kristiane Sekkingstad Terum (t.v.) sikra seg bronse under Vuspelen i Gøteborg fredag.

Foto: Olav Terum

Vuspelen, som det vert forkorta til, er eit av dei aller største stemna for friidrettstalent i Skandinavia.

Kristiane Sekkingstad Terum, Aurland IL sprang inn til ny kretsaldersrekord i klasse 13 år, då ho fredag tok ein flott tredjeplass på 600 meter.

Tida blei sterke 1.38.34, berre tre tidelar bak sølvmedaljen og personleg rekord med over fire sekundar.

– Løpet var av det dramatiske slaget, då Kristiane trakka over i første sving og seinare var involvert i knuffing, men klarte likevel å kjempe seg fram til bronsemedalje på oppløpssida, fortel far Olav Terum.

Han opplyser at ho står truleg over 80 m som er på programmet laurdag, men stiller på 200 m søndag om ankelen er bra. Denne distansen vann Kristiane i 2012.

Storebroren til Kristiane, Sander Sekkingstad Terum, tok sølvmedalje på 3000 m hinder i seniorklassen i Verdensungdomsspelen fredag.

Berre seks løparar stilte til start grunna kollisjon med 5000 m same kveld, men Sander gjorde eit taktisk godt løp og kom i mål på 9.39.14 kring 8 sekundar bak vinnaren og to sekundar føre nummer tre.

Kirsti Strømmen Kjerpeset frå Florø tok sigeren i sin aldersklasse i 80 meter hekk med den sterke tida 11.46, medan Øyvind Strømme Kjerpeset slo kraftig til og sette ny norsk rekord på 400 meter hekk under stemnet med tida 49.95.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

NY REKORD: Øyvind Strømmen Kjerpeset sprang inn til ny norsk rekord under stemnet i Gøteborg.

Foto: Thore-Erik Thoresen