Hopp til innhold

Lokale smakar sel som aldri før – matprodusentane ser tilbake på toppår

2013 vart eit toppår for lokale matprodusentar. Salet auka med 20 prosent, og mange greier ikkje levere nok.

Ferskvaresjef Helge Einebærholm på Domus i Førde

TOMT: Ferskvaresjef Helge Einebærholm har merka godt at lokal mat sel som aldri før. På butikken i Førde er det no tomme hyller der det skulle bogna med lokale delikatesser.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Stadig fleire får auga opp for lokal mat, det vere seg alt frå lefser, frukt, kjøt og fisk. Tal frå Bondens Marknad viser at sal av lokale matprodukt auka med 20 prosent i fjor.

Til jul var det ekstra mange som ville ha tak i lokale smakar, noko som har resultert i tomme hyller.

På Domus i Førde viser ferskvaresjef Helge Einebærholm fram hyller der det er langt mellom varene.

– Det er ikkje mykje att her. Her skulle til vi til dømes hatt lefser og fiskelefser frå Jølster Bakst, men det vart tomt før jul, seier han.

– Mange greier ikkje levere nok

Og det er ikkje berre i denne butikken det har gått tomt for lokalprodusert mat i det siste. Aud Slettehaug er dagleg leiar for Bondens Marknad i Sogn og Fjordane og har god kontakt med lokale produsentar over heile fylket.

Ho fortel at 2013 har vore eit rekordår, der salet har auka heile 20 prosent samanlikna med 2012.

– Det aukar veldig, og det aukar meir enn salet generelt i Norge.

– Etterspurnaden etter lokal mat er veldig stor, og vi greier til dømes ikkje ha Bondens Marknad så ofte som vi vil, seier ho.

For når produkta er blitt så populære som dei er, er det ikkje lenger noko å selje når dei tradisjonsrike marknadane skal vere.

– Mange sel mykje av varene sine frå eigne utsal gjennom sesongen, og då treng dei ikkje reise på vår marknad for å selje. Så vi treng fleire produsentar, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Aud Slettehaug

SPENNANDE: Aud Slettehaug i Bondens Marked ser spent framover på eitt nytt år.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Tomme for julemat lenge før jul

Fleire produsentar har merka auka pågang, spesielt før jul.

Matprodusenten Ellevilt i Luster selde godt over eit tonn pinnekjøtt av lokale sauer og lam frå kommunen noko som er ei dobling frå fjoråret. Bernt Aleksander Elle trur folk er blitt meir opptekne av kvar råvarene kjem frå og korleis dei vert laga.

– Det er kjekt at folk er interessert i lokalprodusert mat med litt historie bak, sa han til NRK.no like før jul.

Også i Kandalen i Gloppen opplevde Paul Nygård at pinnekjøttet av geit og kje vart rivne vekk.

– Vi hadde sikkert kunne selt meir dersom vi hadde hatt meir, men vi er heilt tomme, enda vi laga meir i år enn vi har gjort tidlegare. Så dette er eit etterspurd produkt, fortalde Nygård til NRK.no dagar før jul.

Trur folk er meir bevisste

Og det er ikkje mange produkt igjen i butikken til Helge Einebærholm i Førde heller.

– 2013 har vore eitt av toppåra for lokal mat, seier han og har merka det godt i hyllene.

– Kva er grunnen trur du?

– Folk er meir bevisste på kva dei kjøper, og tenkjer ikkje lenger at alt må vere frå store produsentar. Den lokale maten smakar godt, og ein skal jo unne seg litt ekstra, seier ferskvaresjefen på Domus.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lokale kjøttprodusentar, Kandal Kjøt og Ellevilt AS

LOKALT ER BRA: Paul Nygård i Kandal Kjøt og Bernt Aleksander Elle i Ellevilt AS i Luster kunne begge fortelje at dei opplevde ei auke i etterspurnaden etter dei lokale varene til jul.

Foto: privat

– 2014 blir eit spennande år

Hos Bakar Jon på Byrkjelo har dei som mål å selje lokalmat for fire millionar kroner i år. Coop Vest sitt samarbeid med lokale produsentar har gjeve gode resultat og direktør Geir Espe ønskjer ei endå tyngre satsing.

Leiaren i Bondens Marknad meiner det er gode moglegheiter for dei som vil starte opp med gardsmatproduksjon. Og for dei som allereie er i bransjen er det mange som kunne selt mykje meir, om dei berre hadde hatt meir.

– Sogn og Fjordane er eigentleg eit matfylke, men eg synest vi er lite flinke til å vere stolte av den matproduksjonen vi har.

– Om sommaren leverer vi til dømes 80 prosent av bringebæra som går til konsum som ferske bær, seier Aud Slettehaug.

– Korleis blir 2014 for matprodusentane i Sogn og Fjordane?

– På årsbasis hadde dei i fjor ein auke på 20 til 25 prosent, og held denne auken fram kan 2014 blir eit utruleg spennande år, seier ho.