NRK Meny
Normal

Lokale selskap med i gigantprosjekt

Saga Fjordbase og Gulen og Masfjorden Utviklingsselskap er med i eit milliardprosjekt i Finnmark.

Lars Hellandsjø
Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

Ei samanslutning av selskap dei er med i søkjer no SFT om løyve til omlasting av olje i Vestfinnmark.

- Dette kan bety investeringar opp mot ein milliard kroner, seier Lars Hellandsjø i Gulen og Masfjorden Utviklingsselskap.

Oljeomlasting

Men Hellandsjø er knapp i kommentaren om det planlagde storprosjektet i Kvalsund i Vest-Finnmark. Dei har halde korta tett til brystet om korleis dei no prøver å posisjonere seg føre det venta oljeeventyret i Barentshavet .

- Det går på mellom anna oljeomlasting, seier han.

Saman om prosjektet

Konkret er det Saga Fjordbase frå Florø, Gulen og Masfjorden Utviklingsselskap frå Gulen, det norske selskapet Bukser og Berging og det internasjonale selskapet Fender Care som har gått ilag om dette prosjektet.

Selskapet dei har danna planlegg tre anløp i månaden av oljetankarar på opptil 165.000 tonn. På området skal oljen lastast om før den blir skipa til Europa. Investeringane vil skje på om eit område Gulen og Masfjorden Utviklingsselskap allereie eig.

- Har trua på området

Per idag finns det berre eit anlegg for omlasting av russisk olje i Vest-Finnmark. Og Agnar Strømsnes, direktør i Saga Fjordbase, har trua på det området dei no ser nærare på.

- Vi trur vi har funne ein stad som er svært godt eigna for ein slik aktivitet, seier han.

- Kan få eit forsprang

Søknaden ligg no inne hos SFT og truleg går det omlag ni månader før saka er behandla. Hellandsjø legg ikkje skjul på at det er viktig å vere tidleg ute for å få ein bit av oljeeventyret i nord

- Vi kan jo få eit lite forsprang om vi er heldige, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.