Hopp til innhold

No vurderer dei lokale suksessbedriftene å etablere seg i USA

IT-bedriftene Highsoft og Beat vurderer moglegheitene for å etablere seg i USA – sjølv om dei har base i Norge.

I USA

SPENNANDE: F.v. Linn Dyveke Wilberg i Beat er i USA for å sjå nærare på marknaden der. Det er også bedrifta Hightsoft frå Vik i Sogn.

Foto: privat

Dei to bedriftene, høvesvis frå Vik og Mjømna, er denne veka på tur til New York. Turen, som skal vare i to veker, er i regi av Innovasjon Norge.

Målsetjinga er å lære meir om den amerikanske marknaden, samt vurdere moglegheita for etablering.

– Highsoft har meir enn 45 prosent av omsetnaden sin frå USA. Så langt har vi fått til dette utan å vere etablert der, understrekar dagleg leiar i Highsoft, Grethe Hjetland.

Viktig å halde god kontakt med marknaden

Highsoft utviklar grafisk presentasjonsverktøy til bruk på Internett. Hovudproduktet er diagramverktøyet Highcharts. Selskapet er lokalisert i Vik i Sogn, og har ein klar strategi på å vere lokalisert nettopp der.

– Men det er likevel viktig å halde god kontakt med marknaden, dei store kundane og nettverket der, seier Hjetland.

I tillegg til å lære meir om sal og marknadsføring i USA, skal Highsoft også presentere eit nytt produkt, Highcharts Cloud, som skal lanserast om kort tid.

I dette produktet kan sluttbrukarar raskt lage ulike grafar på til dømes ei nettside, i ein blogg eller ein artikkel, utan å vere programmerarar.

Dette produktet er bygd på velkjende Highcharts, som er eit godt etablert visualiseringsverktøy i den internasjonale marknaden.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Ein snømålar på Vikafjellet var utspringet til det som i dag er ei million-verksemd i Vik. I dag har verksemda Highsoft Solutions fleire av dei største selskapa i verda på kundelista si.

Skal sjå nærare på streaming

Heilt ytst i Sognefjorden, på øya Mjømna, ligg hovudkontoret til musikktenesta Beat.

– For Beat sin del er målet med turen å bli betre kjend med den amerikanske marknaden for musikk, og då særleg å sjå på korleis streaming vert gjort her, seier gründer Linn Dyveke Wilberg.

Ho peikar på at Skandinavia er verdsleiande når det kjem til streaming.

– Difor er det svært interessant å sjå korleis resten av verda følgjer etter i denne trenden. Beat har jo ein parnermodell, så det er også eit mål å bli betre kjend med marknaden her borte, og sjå kven som eventuelt kunne vere gode partnarar for oss å samarbeide med, dersom vi skulle etablere oss her, seier Wilberg.

Ho understrekar at selskapet førebels ikkje har konkrete planar om å etablere seg i USA, men at tanken har streifa dei.

– Difor er ein slik tur utruleg spennande og lærerik sidan den gir oss moglegheita til å bli betre kjend med den amerikanske marknaden og knytte viktige kontaktar, seier Wilberg.

Ho legg til at det ikkje er berre-berre å etablere seg i «the big apple».

– Det er beintøft å etablere seg i New York. Her konkurrerer ein jo verkeleg med verdas beste innan sine felt. Samtidig er det eit miljø her som oppmodar til etableringar og som tek i mot nye idear med opne armar. Så viss ein gjer det rett, har eit godt produkt og treffer med timingen, så trur eg absolutt det er mogleg, seier Wilberg.

Sit på kompetanse som kan vere eit fortrinn

Ho peikar på at i den amerikanske marknaden står iTunes utruleg sterkt medan dei ikkje er komne så langt som Norge når det gjeld streaming.

– Men tenester som Spotify og Pandora har fått godt fotfeste blant dei yngre, så det er absolutt eit skifte på gang her også, seier Wilberg.

Ho peikar på at Skandinavia er verdsleiande når det kjem til denne måten å lytte til musikk på. Dermed sit dei også på ein kompetanse som kan vere eit fortrinn dersom dei vel å etablere seg i USA.

– Beat har jo også hatt ein strategi med parnerdistribusjon. Den modellen er ny her borte, så det er mange interessante samarbeid vi eventuelt kunne fått til, seier Wilberg.

Ho legg til at turen først og fremst er tenkt for å inspirere.

– Det å vere til stades i New York, sjølve hovudstaden når det kjem til bedrifter som driv med tilsvarande ting som oss, er utruleg inspirerande i seg sjølv. Vi har fått høyre fantastiske historier frå gründerar av bedrifter som Pixable og Nielsen Social, seier Wilberg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Highsoft AS i Vik

HIGHSOFT: F.h. Grethe Hjetland, Hilde Instefjord, Gert Vaartjes, Anne Jorunn Fjærestad, Torstein Hønsi, Øystein Moseng, Guro Myrkaskog, Jon Arild Nygård og Stephane Vanraes.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Tilgangen på investor-pengar er større

Hjetland understrekar at Highsoft slett ikkje treng etablere seg i USA for å Highsoft vidare.

– Highsoft har eit «great product», som dei seier her i New York, og sel seg på ein måte sjølv. Vi brukar Internett som distribusjonskanal for HIghcharts og die andre verktøya våre. All teknisk support og mykje av salsarbeidet går også gjennom Internett. Difor når vi verda rundt, seier Hjetland.

Wilberg legg til at dersom ein skulle klare å etablere seg i USA, og lukkast med det, så har ein skote gullfuglen.

– Slik eg ser det, så vil ei etablering her gi moglegheiter til samarbeid med dei største og viktigaste mediehusa og TV-selskapa. Tilgangen på investor-pengar er større og miljøet for gründerar og start ups er større, så ein har eit inspirerande og lærerikt miljø ein kan vere ein del av, seier Wilberg.

Samtidig går begge dei Sogne-baserte IT-bedriftene så det susar. Highsoft omsette i fjor for om lag 30 millionar kroner.

– Om vi sit på ei øy ytst i Sognefjorden eller midt på Grünerløkka i Oslo har ikkje så mykje å seie i høve det vi driv med. Det viktigaste er å ha tru på det du driv med, levere verdas beste produkt og vere tilgjengeleg for dei som ønskjer kontakt med deg, seier Wilberg.