Hopp til innhold

Lokalbryggeri satsar ut over grensene

Kinn Bryggeri frå Florø vil ha innpass på Alko i Finland og Systembolaget i Sverige, tilsvarande Vinmonopolet her heime.

Espen Lothe, Kinn bryggeri.

INTERNASJONALT LOKALØL: Bryggerisjef Espen Lothe seier dei med det nye produksjonsanlegget har kapasitet til å erobre nye marknader.

Foto: Birger Meland / NRK

Bryggerisjef Espen Lothe har nettopp kome heim frå ein tur til Sverige. Der presenterte han ølet sitt i møte med Systembolaget sine representantar. Målet er å erobre fleire land etter kvart.

– Akkurat no lev vi godt på den auka ølinteressa her i landet, men på sikt kan det vere gunstig at Kinn blir ei internasjonal merkevare, seier Lothe.

Fleire fordelar med monopol

I Sverige går alkoholgrensa for butikkøl på 3,5 prosent, mot 4,7 prosent i Norge og Finland. Per no har Kinn ingen sortar som passar for svenske butikkhyller.

Dermed er Systembolaget einaste veg inn på den svenske marknaden. Men strenge alkoholgrenser er ikkje den einaste grunnen til at dei satsar på alkoholmonopola i nabolanda.

Juleøl

FORRYKANDE VEKST: Kinn har etter kvart vekst seg store på den norske ølhungeren. No ser dei ut over grensene.

Foto: NRK

– Viss vi kjem oss inn der, vil det vere ein god distribusjonskanal, der vi som ein liten aktør blir behandla likt med dei store, seier Lothe.

For å kome inn på listene må dei greie å konkurrere, mellom anna på pris. Det blir avgjort gjennom ein anbodsprosessar, som Kinn har ambisjonar om å vinne.

– Med det bryggeriet vi har no, skal vi greie å vere konkurransedyktige. Vi har vunne mange anbod på Vinmonopolet her i Norge, eg trur vi skal greie det same i Finland og Sverige òg.

Har vakse fort på kort tid

Kinn starta opp i liten skala i 2009. Dei vaks sakte men sikkert og i 2013 auka dei kapasiteten, noko som førte til ein dobling av produksjonen etterfølgande år. Men enno har dei ikkje nådd taket.

– I 2014 produserte vi nesten 500.000 liter. Med det anlegget vi har no, er det kapasitet til om lag ein million liter i året, seier Lothe.

Difor ser dei no utover grensene etter nye marknader. Det har vore ei rask utvikling for det som starta som eit lite lokaløl, bryggja av entusiastar.

– Vi har forandra litt ambisjon etter kvart. Opphavleg sa eg at vi ikkje skulle selje øl lenger enn at eg kunne levere sjølv på dagen. Den ambisjonen rauk fort, seier Lothe.