NRK Meny
Normal

– Eg har blitt rørt mange gonger

Då Aina Gamborg starta gåveinnsamlinga frykta ho å ikkje få nok gåver til alle. Dei siste dagane har ho levert ut nær 1500 julegåver.

Aina Gamborg deler ut gåver på asylmottaket på Skei

DELTE UT GÅVER: Aina Gamborg har vore fleire turar med gåver til asylmottaket på Skei. I dag vart ho møtt av applaus frå dei mindreårige asylsøkjarane.

Foto: Privat

– Mange av barna har fått fleire gåver kvar, nokre opptil ti, seier Aina Gamborg på Vassenden som er overvelda over responsen.

For snart ein månad sidan starte ho aksjonen «Gled andre med ei gåve 2015» på Facebook. Der inviterte ho folk til å gje gåver til busette flyktningar, bebuarar på asylmottaka og andre vanskelegstilte i kommunen.

– Dei vart store i auga

Allereie etter nokre dagar hadde ho fått tallause bereposar med gåver. Dei siste dagane har gåvene blitt levert rundt om i kommunen. Frå NAV har Gamborg fått høyre at mottakarane har vore svært takksame.

Sjølv har ho vore fleire turar til asylmottaka på Skei og Vassenden. På Skei bur det 60 mindreårige asylsøkjarar. I dag vart ho møtt av applaus.

– Det kom ein gjeng kjekke unge menn og vart store i auga då dei såg alle gåvene. Det er kjempekjekt å få moglegheit til å gjere dette.

Over helga kjem det ein barnefamilie til mottaket på Vassenden, dei blir møtt av fleire posar med gåver.

– Dei blir nok ganske overraska.

Aina Gamborg deler ut gåver på asylmottaket på Skei

TAKKSAME: Aina Gamborg fortel om ein enorm respons. Dei som har fått gåvene har blitt svært takksame og har fått kjensla at vi ser dei og har omsorg for dei, seier Gamborg.

Foto: Privat

Har vore til ettertanke

Gamborg fortel om eit veldig engasjement. Ikkje berre gjennom å gje fysiske pakkar.

– Fleire fortel at dei har måtte tenke gjennom kva situasjon andre er i. Mange av dei som får gåvene har faktisk ikkje familie eller naboar som tenker på dei. Nokre har sagt at dei var byrja å bli fordomsfulle, men at dei no har snudd.

– Ho frå NAV som leverte ut gåver fortalde at folk fekk kjensla av at vi tenkte på dei og har omsorg for dei, sjølv om vi kanskje ikkje er så flinke til å vise det elles.

– Godt initiativ

– Dette er eit veldig godt initiativ. Lokalbefolkninga ser at vi eksisterer og ungdomane ser at lokalbefolkninga ser dei, seier mottaksleiar Halvar Avdem på Skei.

Han seier ungdomane er svært spente på kva som skjuler seg i gåvene, og at dei vil dele dei ut som del av feiringa på sjølve julaftan.

– Meir kjærleik enn hat

Gamborg sjølv torer førebels ikkje love at dette blir ein årleg aksjon. No treng ho tid til å fordøye inntrykka.

– Eg har blitt rørt mange gonger. I går var eg heilt utladd då eg byrja tenke på kva konsekvensar dette faktisk har for kvar enkelt person som får gåver.

– Kva seier dette deg om alle dei som har gitt deg gåver som du kan gje vidare?

– Det er som ein skreiv til meg på Facebook. Vi høyrer så mykje om fordommar, rasisme og hat. Men dette viser at det er mest omsorg, kjærleik og omtanke for andre, seier Gamborg.