Hopp til innhold

Måtte trykke nytt opplag av årets første avis

– Det vart ein veldig, veldig dårleg start på det nye året. Det var litt kluss i trykkeriet i går kveld, og det vil abonnentane våre som får papiravisa merke godt i dag, resignerer redaktør, og dagleg leiar i Fjordenes Tidende, Erling Wåge.

Erling Wåge

DÅRLEG START: Dagleg leiar, og redaktør, Erling Wåge seier seg lei for gleppen som torsdag kveld skjedde ved trykkeriet i Ålesund.

Foto: odd l. drabløs

For årets første avis vart ikkje slik redaksjonen i Måløy hadde tenkt – og levert i frå seg – til Polaristrykk Nordvest i Ålesund.

Fjordenes Tidende dumpa ned i postkassen i dag, serverte den lesarane også stoff frå Sunndalsøra på Nordmøre. To av sidene var bytt ut med sider frå lokalavisa Driva.

– Trykkeriet, som vi deler med Driva, la i feil plate slik at to av sidene av Fjordenes Tidende står i Driva i dag. Då blir det litt usamanhengande, seier Erling Wåge.

Ny avis på laurdag

– Vi har fått mykje telefonar og mykje tekstmeldingar, både med spøk, spørsmål og ulike ting, held Wåge fram og legg til at både avisa og trykkeriet seier seg veldig leie for det som har skjedd.

I Måløy har ein difor jobba på spreng med å få organisert ekstra distribusjon, slik at den rette utgåva av avisa kjem i postkassen laurdag.

– Heldigvis har vi postverk som går rundt på laurdagar. Og det er veldig bra, humrar Wåge og legg til at avisa også er tilgjengeleg for gratis nedlasting på nettsidene deira.