NRK Meny
Normal

Lokal triumf i skåla opp

Trass i rekordhøgt nivå klarte lokale utøvarar å hevde seg i årets utgåve av motbakkeløpet Skåla Opp. På damesida vart Karoline Holsen Kyte frå Førde nummer ein.

Karoline Holsen Kyte målgang på Skåla Opp

VINNAR: Karoline Holsen Kyte vann dameklassen i Skåla Opp.

Foto: Jan Erik Sandbakk

– Eg vart veldig overraska sjølv. Eg trudde eg hadde sjanse på pallen på ein god dag, men eg trudde sigeren var utanfor rekkevidd, seier Kyte.

Det var den altså ikkje, for førdianaren sprang inn på tida 1.22.38, og vart med det vinnar i dameklassen i det prestisjetunge motbakkeløpet opp på Skåla.

– Fleire av dei som var med har jo vunne før, så det er heilt fantastisk kjekt at eg klarte å stikke av med sigeren.

Høgt nivå på deltakarane.

Arrangøren har frå før varsla at nivået på årets løp er veldig høgt. Likevel sprang Kyte inn eit par minutt seinare enn det som er rekorden i bakken.

– Eg trur nivået jamt over var høgt, med mange sterke løparar. Eg fekk ei luke tidleg, og klarte å halde på den. Eg stolar ikkje heilt på spurten min, så då var det beste å berre halde luka heilt inn til mål.

Angermund Vik målgang på skåla opp

VINNAR I HERREKLASSEN: Stian Angermund Vik frå Bergen vann i herreklassen.

Foto: Jan Erik Sandbakk

I natt har det regna på Skåla, og arrangøren har vore litt nervøs for korleis det skulle gå med vêret. I fjor vart løpet noko amputert grunna snø på toppen av fjellet.

– Men det letta og det vart ein fin dag, seier Erik Brendefur i Loen Active som er arrangør av løpet.

I herreklassen tok Øyvind Heiberg Sundby ifrå Leikanger tredjeplassen, og sikra dermed lokal pallplassering også der. Stian Angermund-Vik frå Bergen stakk av med sigeren med tida 1.10.10.

Skåla, Loen

SPEKTAKULÆRT: Toppen på det 1848 meter høge fjellet er ganske spektakulært. Kanskje er det difor Skåla Opp har fått høg status i motbakkeløpmiljøet.

Foto: Anders Hereid/Screen Story AS

Litt sleipt oppover bakkane

Arrangør Erik Brendefur seier at sjølv om det vart ein fin dag, var det framleis litt sleipt i løypa etter alt regnet som kom i går.

Han seier at det sette sitt preg på tidene løparane fekk.

– Det var mange som hadde eit tungt løp i dag. Det var litt sleipt og tungt. Samstundes er jo tidene ganske gode, det syner kor høgt nivået har vore, seier Brendefur.

Vegopning på Bergum i Førde kommune