Hopp til innhold

Lokal styring uroar naturvernarar

Naturvernarar fryktar meir lokal politisk styring kan føre til at fleire får lov til å byggje i strandsona.

Strandsonen og ferdsel

NESTEN ALLE: Over 80 prosent av dei som søkjer om dispensasjon, får byggje i strandsona.

Foto: NRK

Før helga vart det kjent at 84 prosent av dei som har søkt om dispensasjon til å byggje i strandsona, får lov til det.

Elisabeth Dahle i Forum for natur og friluftsliv i Sogn og Fjordane, meiner ein bør vurdere om kommunane i stor nok grad tek faglege omsyn når dei gjev løyva.

– Det er jo ei svakheit vat den faglege forvaltninga er blitt politisert og at politikarane ofte har lett for å ta meir omsyn til lokale ynskjer og næringsliv og utbyggjing enn å følgje meir faglege overordna retningsliner, seier ho.

For lite for ålmeinta

Særleg i kystkommunar som Solund, Gulen, Askvoll og Flora er det utbreidd at svært mange får byggje nye bygg i strandsona og andre sårbare område.

Dahle likar dårleg utviklinga.

– Det er ein del eksempel på hyttebygging i område der ein prøver å lage ei sone som er på 25-30 meter. Det er for lite. Både med omsyn til at det er mykje spesielt dyreliv som avheng av den sona for å overleve, og at det blir for lite areal for ålmeinta og vanlege folk, seier ho.

– Ikkje så mykje

Forum for natur og friluftsliv organiserer dei friviljuge naturorgansisasjonane i fylket. Dahle meiner at styresmaktene må bli meir medvitne på kva dei tillet og ikkje i strandsona.

– Vi har ikkje så mykje lett tilgjengeleg strandsone areal som folk kanskje trur, seier ho.