For ti år sidan var bokbransjen i Sogn og Fjordane nærmast ikkje-eksisterande, og det som fanst var prega av hobbyverksemd. Så skjedde det noko. Ei bok om klosterøya Selja vart startskotet for eit forlag som no sysselset tre personar.
- Fyk ut bøker i iett køyr
Selja Forlag gjev i år ut 12 titlar, og inspirasjonen og salstala skriv seg i hovudsak frå Sogn og Fjordane. Det er hektisk stemning i forlagslokala, og forlagskonsulent Iris Loftheim Valaker ser lyst på stoda. - Det går strålande, det fyk ut bøker i eitt køyr. Eg fekk nett ein telefon frå Lærdal, der dei ville ha 100 eksemplar av "På blå resept" av Johan Fjellby, som skal signere bøker der.
- Håpar på rekordomsetnad
2005 er eit rekordår i tal bøker, vi gir ut 12 stykker, og vi håpar sjølvsagt at det blir eit rekordår også når det gjeld omsetnad. Viktigaste grunnen til at lokale bøker sel så godt meiner ho er at bøkene er tufta på gode idear. Og vi kan jo skryte litt av oss sjølve og seie at vi er flinke til å satse på dei gode ideane, seier Iris Loftheim Valaker.
Lokale bøker er godt synlege i bokhandelen. Foto: Håvard Hamnaberg
- Lettare å drive små forlag
Forlaget Skald på Leikanger ga ut si fyrste bok nokre år tidlegare enn Selja, men har hatt ein meir gradvis vekst. No er dei omtrent jamnstore med Selja, og har eit meir nasjonalt perspektiv. Dagleg leiar i forlaget, Lars Nes, trur det er lettare å drive eit lite forlag i dag enn tidlegare. - Vi kan gjere ting vi ikkje hadde sjanse til for berre fem-seks år sidan. No kan det sitte folk og arbeide med grafisk utforming for oss nærare sagt kvar som helst i verda. Vi gir mellom anna ut turistbøker på kinesisk og japansk. Avstandar er ikkje noko problem lenger, seier Nes.
- Ikkje berre lesehestar
Nes meiner både Skald og Selja er flinke til å treffe med bøkene sine på ein måte som gjer at dei og får folk som slett ikkje er lesehestar til å kjøpe dei.
- Appellerer til nye lesarar
Hos Økland Libris på Handelshuset i Førde står bøkene frå Selja og Skald fremst i hyllene. Dagleg leiar Turid Øyre Øygard gler seg over at dei appellerer til nye lesarar. - Då eg starta i bokbransjen fekk eg høyre at det stort sett var kvinenr som kom og kjøpte bøker. Men med dei lokalhistoriske bøkene får vi svært mange mannlege kundar, gjerne eldre menn, seier ho.
Lokale bøker fremst
- Vi set bøkene frå Skald og Selja fremst både fordi det er stor interesse for dei og fordi vi er opptekne av at dei lokale forlaga skal få selt bøker, seier ho. Vi hadde visst mykje mindre om den lokale historia om vi ikkje hadde hatt desse to lokale forlaga. Eg trur ikkje at eit forlag i Oslo ville ha gitt ut boka "Den svarte fredagen" - om det store luftslaget over Sunnfjord under andre verdskrigen, seier dagleg leiar Turid Øyre Øygard på Økland Libris i Førde.
Turid Øyre Øygard i Økland Libris med boka om Astrup. Foto: Håvard Hamnaberg