Loftesnes avslutta karrieren med «the double»

Ein karriere er over. Mathias Loftesnes er glad for å kunne avslutte på best mogleg vis. I dag tok Førde-herrane sesongens andre gull.

Førde jublar for seriegull

FØRDE-JUBEL: Herrelaget til Førde har vunne både serien og NM i år. Dermed avsluttar Mathias Loftesnes sin karriere på best mogleg vis.

Foto: Leif Røv

Det som skulle bli ein paradekamp, blei ein paradekamp. Det som skulle bli ein fest, blei ein fest.

– Det var vanvitig kjekt. I starten av sesongen så slit me veldig. At me til slutt tek både serien og cupen er heilt fantastisk, seier Mathias Loftesnes etter kampen.

3–0 enda kampen mot Randaberg, med settsiffera 25–17, 25–22 og 25–23.

– Eg føler me hadde god kontroll på kampen. Randaberg måtte vere aggressive, men då blei dei også pressa til å gjere feil, seier han.

Atmosfæren i garderoben var fantastisk, fortel han. Og med mykje kjensler. Dette var Mathias Loftesnes sin aller siste volleyballkamp.

– Eg har ikkje heilt fått kjenne på det. Men det er klart det er vemodig. Eg har spelt for Førde ganske lenge no. Det er spesielt, men alt har ein slutt, seier han.

Avgjort viktige kampar

Jan Egil Tvinde er Førde-herrane sin sportslege leiar. Han er klar på kva Loftesnes har betydd.

– Han har betydd enormt mykje i dei fire år han har vore her. Han har sett standarden på treningskvaliteten vår og nivået vårt. Og han har alltid gått fremst. Særleg i viktige kampar har han avgjort til Førde sin fordel tallause gonger, seier han.

Mathias Loftesnes i aksjon i Naustdalshallen

PLUKKAR POENG: Mathias Loftesnes i aksjon i seriefinalen i Naustdalshallen.

Foto: Leif Røv

Som i dag. Førde sin nummer 5 plukka 12 poeng, flest av alle, saman med Håvard Aarrestad.

– Ja, i dag var han knallgod.

At det blir vanskeleg å erstatte han er Tvinde ikkje i tvil om. Men han håpar andre no kan ta det same ansvaret.

– Det blir spennande å sjå. Det er sånn utviklinga er. Nokre profilar sluttar og då må andre ta plassen og stå fram. Det håpar eg me får til i Førde også. Me må satse på at andre blomstrar, seier han.

Damene vann kampen, men ikkje gullet

For Førde-kvinnene var utgangspunktet eit anna enn herrane. Dei måtte vinne med minst 3–1 mot ToppVolley Norge.

– Vi visste det kom til å bli tøft. Men me gjekk inn i kampen med håp om at me skulle greie det, seier Renate Bjerland.

Ho plukka desidert flest poeng for eit hardt kjempande Førde-lag. Og hennar 24 poeng bidrog sterkt til siger i dagens kamp. Men med 3–2 så var ikkje det nok. ToppVolley tok seriegullet, og dermed blei det ikkje to gonger «double» for Førde-laga.

– Det hadde vore utruleg gøy om me fekk til det. Men vi spelte ikkje vårt beste førre helg. Og det gjorde at oppgåva i dag blei for vanskeleg, seier Bjerland.

Draumesiffer

Då kampen allereie var avgjort skjedde noko som i alle fall Bjerland ikkje har opplevd før. Førde vann det siste settet med draumesiffera 15–1.

– Det var veldig spesielt. Eg trur ikkje det har skjedd i ein slik kamp.

Bjerland seier at laget kom inn i ein flyt.

– Vi tenkte «ok, vi har tapt samanlagt, men vi skal søren meg ikkje tape kampen.»

Renate Bjerland ved nettet for Førde

ARKIVBILETE: Renate Bjerland tok flest poeng for Førde-damene i sigeren over ToppVolley Norge.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK