– Det står bra til med klatrarane. Dei har fått både mat og varme klede, så det har ikkje vore noko dramatisk, seier Owe Frøland ved Redningssentralen på Sola.
Redningsaksjonen vart sett i gang fredag kveld då dei to melde frå om at dei ikkje kom seg lenger ned frå ein fjellskrent nær toppen av Vetle Skagastølstind.
Toppen er ein av Skagastølstindane i Hurrungane. Fjelltoppen er 2.340 meter høg.
- Les også: Tre redningsaksjonar på fjellhyller
Fire klatrarar frå alpine redningsgrupper frå Jostedal og Lom prøvde saman med luftambulansen frå Dombås å hente ut klatrarane.
– Så kom tåka og mannskapet på luftambulansen måtte kvile. Då vart det bestemt å ta klatrarane til toppen og gjere nytt forsøk på morgonkvisten, seier Frøland.
Like før klokka 09 vart fjellklatrarane henta ned til Turtagrø med eit helikopter.