Hopp til innhold

Berga ned etter ufrivillig natt 2.400 moh.

Dei to fjellklatrarane som gjekk seg faste på ei fjellhylle på Vetle Skagastølstind er no berga ned til Turtagrø.

Redningsaksjon på Vetle Skagastølstind

BERGA NED: Etter ei ufrivillig natt kring 2.400 meter over havet, var fjellklatrarane trygt nede på bakken att laurdag morgon.

Foto: Tage Skjaak Moen

– Det står bra til med klatrarane. Dei har fått både mat og varme klede, så det har ikkje vore noko dramatisk, seier Owe Frøland ved Redningssentralen på Sola.

Skagastølstindane sett frå Turtagrø

TINDANE: Dei spektakulære tindane i Hurrungane er populære turmål for klatrarar.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Redningsaksjonen vart sett i gang fredag kveld då dei to melde frå om at dei ikkje kom seg lenger ned frå ein fjellskrent nær toppen av Vetle Skagastølstind.

Toppen er ein av Skagastølstindane i Hurrungane. Fjelltoppen er 2.340 meter høg.

Fire klatrarar frå alpine redningsgrupper frå Jostedal og Lom prøvde saman med luftambulansen frå Dombås å hente ut klatrarane.

– Så kom tåka og mannskapet på luftambulansen måtte kvile. Då vart det bestemt å ta klatrarane til toppen og gjere nytt forsøk på morgonkvisten, seier Frøland.

Like før klokka 09 vart fjellklatrarane henta ned til Turtagrø med eit helikopter.

Vetle Skagastølstind