Hopp til innhold

Løfta tre gongar si eiga kroppsvekt

Her løftar Dag André Mo heile tre gongar si eiga kroppsvekt i benkpress. Samstundes tangerte han den store draumegrensa på 300 kilo!

– Eg må seie at eg er nøgd med den, ja. Det må eg jo innrømme, ler Dag André Mo overfor NRK.no.

Sogningen har gjennom ei årrekkje gjort seg markert i norgestoppen i benkpress, no siglar han også opp mellom dei aller sterkaste i verda.

Han vog 101,1 kilo då han klinka til med 300 kilo. Rett nok på trening, men likevel...

– Det er så vidt eg veit berre ein løftar i Norge som har klart tre gongar si eiga kroppsvekt før. Men han løfta i ei langt lågare vektklasse, og det er vanskelegare jo tyngre ein er, seier Mo.

Og: Han har meir å gå på

Sjølv løftar Dag André Mo i klassen -105 kilo. Ifølgje nettstaden treningsforum.no gjekk gullet i årets VM til eit løft på 305 kilo – berre fem kilo over det sogningen gjorde på trening.

– Eg er jo ikkje 105 kilo heller, så eg har litt å gå på. Med litt meir musklar til neste års VM, så kan dette bli bra. Eg er dessutan inne i ein mengdetreningsperiode no, fortel Mo.

– Dette høyrest heilt vanvittig ut...?

– Ja, og det er det. Eg er overraska sjølv, seier Mo.

Skifte skjorte – fekk suksess

Løftet er ikkje godkjent som rekord, ettersom det vart gjort på trening. Men det er uansett ein framgang på om lag 20 kilo for styrkeløftaren.

– Kan vi stole på at dette er heilt utan juks av noko slag?

– Eg kan forstå at folk lurer på det. Men mykje av framgangen skuldast nok at eg har skifta benkpress-skjorte, seier Mo.

Han forklarer vidare:

– Tidlegare har eg brukt ei dårlegare skjorte, og den nye er langt trongare og spenstigare. Det gjorde nok susen, meiner Mo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dag Andre Mo og Roger Navarsete

STERKE KARAR: Her er Dag André Mo (t.v.) saman med lagkamerat Roger Navarsete.

Foto: Erlend Røysum

Spent på kva han er god for

Familiefaren har av omsyn til skadeproblem og tidsbruk valt å satse på berre éi av øvingane i styrkeløft, men trenar like fullt fem økter i veka.

No har han fått ytterlegare motivasjon til å satse.

– Eg må seie dette var ein ekstra «boost». No er eg veldig spent på kva eg kan prestere framover. Det kan jo bli veldig bra, seier Mo.

PS: Ifølgje Sogn Avis sette sogningen Roger Navarsete søndag ny norsk rekord med 240 kilo i sin klasse under Syd-Norsk meisterskap. Tommy Navarsete tok gull i sin klasse med 220 kilo.