Løfta til gull

Fredrik Eskil Myrvang og Roger Navarsete tok begge gull under NM i benkpress i Oslo. Navarsete tok gull i vektklasse -93 kilo. Myrvang tok både gull og sette ny noregsrekord med eit løft på 180 kilo i vektklasse -59. – Det har vore ei barriere å få til 180 kg i ein konkurranse, så no må eg sette meg nye mål, seier Myrvang. Om kort tid ventar VM i Sør-Afrika.