Hopp til innhold

Løfta på plass Norges største

1862 tonn vart løfta på plass i Gulen i dag

Brandangersundet bru

Brua er til saman 285 meter lang

Foto: Steinar Lote / NRK

- Dette er ein kjempedag. Me er med på å laga laga bruhistorie i Noreg, og monterer no ein av dei slankaste og flottaste bruene i verda, seier Ståle Rød, regiondirektør i Skanska.

Måtte demontera høgspentline

Brua over Brandangersundet er 285 meter lang, og har eit hovudspenn på 220 meter. Det vert den største nettverksbogebrua i Norge, og ho vil vega til saman 2 000 tonn. På føremiddagen i dag vart giganten styrd på plass av to digre flytekraner, som måtte koma heilt frå Nederland for å gjera jobben.

- No er dei i ferd med å vinsja seg inn. Dei vinsjar seg no roleg inn, før me seinare skal installera brua, fortel Rød.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brandangersundet bru

1862 tonn vert løfta på plass

Foto: Steinar Lote / NRK

For å få gjennomført løftet og transporten til Brandangersundet må ei høgspentline som forsyner Mongstad-raffeneriet med straum midlertidig demonterast. Dette vert gjort i samband med produksjonsstopp på raffeneriet.

Fergefritt for 700 innbyggjarar

Med andre ord er bruprosjektet i Gulen svært spesielt.

- Dette er ein ekstremt slank konstruksjon. Så er det spesielt at me har bygd brua heilt ferdig fem kilometer frå der den skal stå. No har me altså frakta brua hit med to store fartøy for å montera den, seier Røed.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brandangersundet bru

Den slanke konstruksjonen er spesiell for Brandangersundet bru

Foto: Steinar Lote / NRK

Øyene Sandøy, Mjømna og Byrknesøy får fastlandssamband når Brandangerbrua no er på plass. Dermed slepp om lag 700 innbyggjarar å ta ferga når brua opnar i november.

Les også: Når kjem Brandangerbrua?

Les også: Brandangersund-bru forseinka

- Dette er eit samband som knyter saman øyer, og dei har tidlegare vore avhengig av ferge. Så dette betyr svært mykje for øysamfunnet her ute, seier Rød.