Hopp til innhold

Lødemel: Leikanger kan få ti arbeidsplassar

Då kommunalminister Jan Tore Sanner (H) la fram ein plan for utflytting av offentlege arbeidsplassar i dag nemnde han ikkje Sogn og Fjordane. Partifelle Bjørn Lødemel har likevel trua.

Bjørn Lødemel på talarstol

HAR TRUA: Bjørn Lødemel (H) har trua på at Sogn og Fjordane kjem til å få meir av pakken som Sanner la fram i dag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Difi på Leikanger kan bli utvida med ti ferske arbeidsplassar fortel Lødemel.

Totalt presenterte kommunalminister Sanner ein plan for å flytte 630 arbeidsplassar ut av Oslo på ein pressekonferanse klokka to i dag.

Frå før er det kjent at regjeringa ønskjer å leggje fredskorpset med sine 45 arbeidsplassar til Førde. Utover det kom det ikkje meir til fylket vårt i dag.

Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Høgre Bjørn Lødemel seier at det likevel er håp.

– Det er ikkje heilt klart endå om det kjem noko til Leikanger, men eg har høyrt at dei er ein kandidat i lag med nokre andre stader. Dei har jo fått til veldig mykje i Difi, og det har blitt lagt merke til kor bra dei har gjort det.

Difi Leikanger

SUKSESS: Difi i Leikanger blir av trekt fram av fleire som ein suksesshistorie

Foto: Magnus Gamlem/NRK

Sanner trakk fram Difi

Direktoratet for forvaltning og IKT er eit norsk statleg direktorat som har ansvar for digitalisering av offentleg sektor. Dei har hovudkontor i Oslo, men også mange tilsette i Leikanger i Sogn.

Sjølv om Jan Tore Sanner ikkje hadde noko å tilby Sogn og Fjordane i pressekonferansen sin, trakk han fram Difi i Leikanger som eit døme på utflytting frå Oslo som har fungert bra.

– Eg har sjølv vitja Difi på Leikanger, og dei har synt kva ein får til med kompetansearbeidsplassar i distrikta, sa Sanner.