Hopp til innhold

Følgde resten av stortingsgruppa i Høgre - sa nei til OL i Oslo

I dag sa ei splitta stortingsgruppe i Høyre nei til OL i Oslo i 2022. Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel har gått frå å vere for eit OL til å røyste nei.

Bjørn Lødemel

UMOGLEG: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) støttar avgjerda frå stortingsgruppa, og meiner motstanden i folket og det han kallar umoglege krav frå IOC, gjer at ein vidare OL prosess hadde vore vanskeleg.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Eg trur det var ei klok avgjerd. Vi har hatt ein veldig grundig diskusjon i stortingsgruppa. Rådet er klart: ein bør avslutte prosessen. Og eg registrerer også at det blir gjort, og at Oslo har trekt søknaden, seier Lødemel.

Kostnadar, folkemotstand og «umoglege» krav

Lødemel stiller seg bak stortingsgruppa sitt «nei».

– Eg støttar denne avgjerda. Ein har rett og slett ikkje sterk nok vilje i folket til å køyre eit OL slik som situasjonen er no.

– Så det er rett og slett meiningsmålingane og folket si meining som er avgjerande?

– Eg føler at det ikkje er nok tilslutning til eit OL. Då får ein ta konsekvensane av det og stoppe prosessen no. Uvissa som har vore med kostnadane og krava frå IOC, gjer at det hadde vore veldig vanskeleg å køyrde prosessen vidare. Det er ei klok avgjerd frå Høgre si stortingsgruppe.

– IOC sine krav seier du: Tenkjer du då på det som har kome fram om døgnopne barar og eigne filer på motorvegen?

– Ja, det er mange av dei tinga som rett og slett ikkje er moglege å gjennomføre i Noreg. Dei krava som har kome, gjer at det rett og slett ikkje har vore nok tilslutning til OL. Det må ein ta konsekvensane av, seier Lødemel.

Var Lødemel for eller mot?

I går, dagen før avgjerda var Lødemel framleis usikker, og meinte dette var ei vanskeleg sak.

– Når de skulle diskutere dette i kveld fall du altså ned på eit «nei»?

– Ja, eg følgjer den konklusjonen som gruppa har kome med. Eg trur det er fornuftig i det lange løp at vi har tatt signala frå folket.

– Men kva kom du inn i møtet med: Var du for eller mot?

– Nei, eg har tidlegare sagt at eg var for ein OL-søknad, dersom ein gjekk ned på kostnadar og dersom ein fekk eit OL etter norske standardar, norske etiske standardar.

– Men eg har og sagt at eg har vore meir og meir i tvil, fordi ein ikkje har fått den støtta i folket til eit OL som vi er nøydde til å ha visst vi skal køyre i gang eitt så stort prosjekt. Eg tykkjer det er ei veldig klok avgjerd å stoppe prosessen, gjentar Lødemel.