Hopp til innhold

Lødemel vraka frå Høgre si valliste

Bjørn Lødemel er vraka frå Høgre si valliste til Stortingsvalet i 2017. Ordførar i Askvoll Frida Melvær er partiet sin toppkandidat.

Bjørn Lødemel på vegkonferanse i Geiranger

VIL KJEMPE: Trass at han onsdag vart vraka frå fylkeslaget si valliste, vil Lødemel halde fram som kandidat fram til nominasjonsmøtet 29. oktober.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg er sjølvsagt skuffa over at eg ikkje er nominert på førsteplassen. Det å vere lengre nede på lista var ikkje så aktuelt for meg. Heilt uventa er det ikkje, det har lege litt i korta at dette kanskje kunne skje. Men eg hadde sjølvsagt håpt på å bli nominert, seier stortingsrepresentant for Høgre Bjørn Lødemel.

Lokallaga hadde frist til å sende inn sine forslag til nominasjon fredag i førre veke og allereie tidleg i veka kom nyheita om at fleire av lokallaga hadde vraka Lødemel frå listene sine. Lødemel sin heimkommune Hornindal har vedteke å slå seg saman med Volda og blir difor ein del av Møre og Romsdal frå 2020.

– Det er det som er litt vanskeleg, at ei teoretisk grense som vi endå ikkje veit kor vil kome skal vippe meg ut av lista. Det gjer det litt spesielt for meg, men det kan vere andre ting som er grunnen og. Eg registrerer at eg ikkje når opp i denne omgangen, seier Lødemel.

Vil kjempe

Trass at han onsdag vart vraka frå nominasjonslista til Høgre sitt fylkeslag vil Lødemel halde fram som kandidat fram til nominasjonen blir endeleg avgjort på nominasjonsmøtet 29. oktober.

– Eg har fått god støtte frå mange lokallag, elleve av dei ønskte meg på toppen av lista. Eg har sagt at eg vil stå som kandidat heilt fram til nominasjonsmøtet, dette endrar ikkje den avgjerda. Så får eg sjå når møtet nærmar seg om eg vil stå som kandidat eller ikkje.

Heile fylket

Lødemel var førstevalet til elleve av lokallaga, men mangla heilt på elleve av listene. Leiar i nominasjonsnemnda til Sogn og Fjordane Høgre, Arlene Vågene, seier at det var med å gjere utslaget.

– Det er mange små lokallag i Sogn og Fjordane og mange av dei som ønskte Lødemel på topp var små. I tillegg var det mange som ikkje hadde han på lista i det heile, medan Melvær hadde støtte frå heile fylket. Det er viktig for oss å finne ein som kan vere ein god representant for heile fylket dei komande åra. Vi landa på Melvær.

Stolt og audmjuk

Frida Melvær

SNUDDE: Frida Melvær ville først ikkje ta opp kampen med Lødemel, men fortel at ho ombestemte seg då ho såg kor mange lokallag som støtta henne.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

På lista som Sogn og Fjordane Høgre sende ut onsdag ettermiddag var Frida Melvær frå Askvoll på førsteplass. Bjørn Hollevik frå Flora og Sven Flo frå Stryn følgde på dei neste plassane. Melvær ville først ikkje ta opp kampen om førsteplassen mot Lødemel, men snudde då ho såg støtta frå lokallaga.

– Eg er veldig stolt og audmjuk. Dette er ei stor og viktig oppgåve for Sogn og Fjordane Høgre fram mot Stortingsvalet neste haust. Det er og slik at vi skal ha eit nominasjonsmøte i slutten av månaden, så vi må vente og sjå kva som blir resultatet av det.