NRK Meny
Normal

Lødemel vil ikkje møte Dalai Lama

Fleire stortingsrepresentantar frå Høgre skal møte Dalai Lama fredag, men Bjørn Lødemel snur ryggen til fredsprisvinnaren og fridomsforkjemparen. Lødemel følgjer dermed etter statsminister Erna Solberg.

Bjørn Lødemel/Dalai Lama

VIL IKKJE TREFFE FREDSPRISVINNAREN: Bjørn Lødemel frå Høgre følgjer regjeringa og vil ikkje treffe Dalai Lama.

Foto: Geir Bjarte Hjetland/Signe Karin Hotvedt / NRK

– Eg har ikkje behov for å møte Dalai Lama. Eg held meg til det som utanriksministeren og statsministeren seier i denne saka, seier Bjørn Lødemel.

Regjeringa vil ikkje ta imot Dalai Lama fordi Norge sitt forhold til Kina har vore svært anstrengt etter at den kinesiske menneskerettsforkjemparen Liu Xiaobo fekk fredsprisen i 2010.

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet meiner Lødemel og regjeringa står fram ynkelege.

– Eg er sterkt i tvil om vegen til eit betre samarbeid, er at den eine parten legg seg paddeflat. Skal det vere eit godt forhold, må det byggjast på felles respekt, seier Navarsete.

Held seg til vurderinga som er gjort

Tibet sin åndelege leiar kom til Norge på onsdag i samband med at det er 25 år sidan han vart tildelt Nobels fredspris. Han kjempar for å få eitt fritt Tibet, noko Kina ikkje likar.

Onsdag vart Dalai Lama hylla av ei stor folkemengde i Oslo sentrum, der mellom andre tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik deltok.

I dag skal han møte fleire stortingsrepresentantar på Stortinget. Fleire Høgre-representantar skal også møte Dalai Lama. Partifellen Bjørn Lødemel vender derimot fredsprisvinnaren ryggen.

– Det er ei komplisert sak, men det er gjort ei grundig vurdering og då held eg meg til det, seier han.

– Regjeringa får kraftig kritikk med karakteristikkar som knefall, feigheit og mangel på ryggrad. Kva seier du til denne kritikken?

– Det har eg ingen kommentar til. Det får dei som seier det, stå for. Regjeringa har gjort ei vurdering og eg stoler på at det er ei god vurdering, seier han.

Meiner det er feil å leggje seg flat

Liv Signe Navarsete

OPPGITT: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet meiner Lødemel og regjeringa står fram ynkelege.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Liv Signe Navarsete som sjølv skal møte Dalai Lama i dag, er oppgitt over Regjeringa og Lødemel si haldning i denne saka.

– Eit land må sjølv bestemme kven ein skal både ta imot og møte. Det kan ein ikkje la andre styre. Eg trur ikkje det tener dei interessene ein trur ved å leggje seg flat for Kina. Det gir dei vatn på mølla i si tru på at dei kan diktere oss. Det meiner eg er feil, seier ho.

Sveinung Rotevatn (V) i Vandrehallen

SKAL TREFFE HAN: Sveinung Rotevatn (V) skal møte Dalai Lama og skulle ønskje at Bjørn Lødemel ville gjere det same.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Også Sveinung Rotevatn skal møte Tibet sin åndelege leiar i dag, og skulle ønskje at Lødemel ville vere med.

– Eg tykkjer det er synd at Lødemel saman med Høgre- og Frp-regjeringa no prioriterer næringslivsinteresser framfor menneskerettar. Eg trur også at vi skader forholdet vårt til Kina på lang sikt ved å vise at vi bøyer av. Då kan det komme nye krav frå det autoritære diktaturet Kina faktisk når dei ser at Norge lystrar.

– Er det ikkje forståeleg at Lødemel følgjer partileiinga og regjeringa i denne saka?

– Eg meiner vi treng stortingsrepresentantar som står for noko sjølv.

– Vi må ikkje gjere knefall for Kina

Ingrid Heggø

KRITISK: Ingrid Heggø frå Ap skal heller ikkje treffe Dalai Lama, for ho er på møte i Lærdal. Ho er likevel kritisk til regjeringa si haldning i saka.

Foto: Stortinget

Ingrid Heggø frå Arbeidarpartiet prioriterer eit møte i heimfylket framfor å møte Dalai Lama i dag.

– Eg er i Lærdal på eit folkemøte og eg kjem til å vere der til det er slutt.

Samtidig som Heggø ikkje prioriterer å møte Dalai Lama sjølv, er ho kritisk til Lødemel og regjeringa si rolle i saka.

– Det eg tykkjer er ille er om vi skal gjere eit knefall for Kina. Det er eg ikkje med på. Vi skal ikkje trengje løyve til kven vi skal møte.

Trass knallhard kritikk, Lødemel står på sitt og meiner det er uklokt å møte Dalai Lama.

– Eg held meg til det eg har sagt og føler meg komfortabel med det. Det er heilt uaktuelt for meg å vere på Stortinget denne dagen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.