Hopp til innhold

Lødemel vil endre kommunekartet- men vil aller helst ikkje bruke tvang

Bjørn Lødemel kjem sjølv frå ei kommune som i si tid vart slått saman med tvang. Når Kommune-Noreg skal endrast bør det ikkje skje slik, meiner Høgre-politikaren. Samtidig viser han til at partileiaren opnar opp for «mild tvang».

Valg2013: Utspørjing av Høgre, Bjørn Lødemel

UTSPØRJING: Bjørn Lødemel frå Høgre måtte måndag svare for seg i NRK si utspørjing framfor stortingsvalet.

– Eg har sagt at det blir feil å begynne å teikne kart, og det blir feil å begynne å snakke om tvang eller ikkje tvang, seier Bjørn Lødemel.

Slik svarte Høgre sin førstekandidat i Sogn og Fjordane under utspørjinga måndag ettermiddag.

Der måtte han svare om mellom anna heilomvendinga om kor E39 skal gå gjennom Nordfjord, kva som vil skje med landbruket med Høgre i regjering, satsinga på samferdsle og kommunesamanslåing.

– Færre og meir robuste kommunar

Om det siste meiner Lødemel at det er ein prosess som lokale krefter må vere med ifrå starten av.

– Det Høgre har sagt er at vi ønskjer å starte gjennomføringa av ein kommunereform som gir færre og meir robuste kommunar, og sterkare fagmiljø. Det er ei tillitserklæring til lokalsamfunn, kommunar og innbyggjarar. Her skal ein starte ei reise der ein skal få ein annan kommunestruktur.

– Høgre ønskjer å gje kommunane meir makt og fleire oppgåver. Slik kan vi både styrke lokaldemokratiet, men også gje innbyggjarar større moglegheiter til å utvikle…

Her bryr utspørjar Erlend Blaalid Oldeide inn med eit spørsmål.

– Men mange er då spente på korleis Kommune-Noreg vil sjå ut i framtida, det bør dokke kanskje gje eit svar på før valet?

– Vi hadde ein resolusjon på årsmøtet for eit par år sidan, der Stortinget skulle teikne eit kart. Det er ikkje ein farbar veg, og det er ikkje Høgre-politikk heller.

Nye oppgåver – ikkje kart

Lødemel sine partifellar, Trond Helleland og Michael Tetzschner, sistnemnde er kommunalpolitisk talsmann i Høgre, skreiv følgjande då Stortinget handsama dette. "Disse medlemmer mener at Stortinget må utarbeide et nytt kommunekart der målet er at kommunene skal være i stand til å utføre flere oppgaver..."

Lødemel held likevel på sitt, at ein ikkje skal starte prosessen med å teikne kartet.

– Eg går ut frå Høgre sitt stortingsvalsprogram.

– Og det gjer ikkje Michael Tetzschner?

– Han sit i den komiteen, men eg ser også på kva Erna (Solberg, red. anm.) seier, og kva leiinga i Høgre seier. Vi ønskjer ikkje å starte med å teikne kart, men med å gje kommunane nye oppgåver slik at vi kan styrke lokaldemokratiet og få ein ny kommunestruktur, seier Lødemel.

«Mild tvang»

Han meiner dette er ei sak det må brukast tid på, og seier eit framtidig kart vil vere avhengig av kva innbyggjarane i kommunane ønskjer.

Kor vidt kommunar kan bli tvinga til samanslåing er også eit spørsmål som har blitt mykje diskutert. I utgangspunktet meiner Lødemel at ein må unngå tvang.

– Det er Stortinget som til sjuande og sist vil avgjere korleis dette skal vere. Det vi har sagt frå Høgre si side, er at om det er ei kommune som hindrar samanslåing, der fleire kommunar ønskjer å slå seg i lag, så har Erna (Solberg, red. anm) sagt at det kan bli snakk om mild tvang, dersom det er ei kommune som blokkerer.

– Destruktive prosessar

Han avviser at det at han sjølv kjem frå ei lita kommune gjer denne diskusjonen vanskelegare for han.

Hornindal er i folketal den nest minste kommunen i fylket og vart i 1965 delt i to. Størstedelen vart slått saman med Stryn, medan resten vart slått saman med Eid. I 1977 var den delen som hadde vore del av Stryn skilt ut att som eigen kommune.

– Med min bakgrunn frå ei kommune som vart slått saman med tvang, det var destruktive prosessar og det øydela venskap og naboskap, og det øydela for ei positiv utvikling i kommunane. Difor er eg skeptisk til tvang, seier Lødemel.

Men om Hornindal skulle bli den eine kommunen som set seg i mot samanslåing, der fleire andre vil, kan det altså ifølgje partileiaren hans bli snakk om «mild tvang».

- Eg meiner vi skal gå for ei frivillig løysing, og starte prosessen med å gje kommunane nye oppgåver, seier han.

Håpar på to Bjørnar på tinget

Bjørn Lødemel var den som for fire år sidan vann stortingsvalet sin lottovinst her i fylket. Han kapra utjamningsmandatet etter eit valresultat der partiet var fjerde størst i fylket.

Denne gongen ser det ut til at Lødemel greier mandat utan å måtte lite på lotto. Dersom Høgre-bølgja som har fløymt over landet i lang tid held fram til valet, surfar Lødemel inn att på stortinget som del av denne bølgja. Ja, enkelte meiningsmålingar har vore så gode at partiet drøymer om to mandat.

Den ferskaste meiningsmålinga viser at Høgre er det største partiet i Sogn og Fjordane.

Folk kan stole på meg

Men sjølv om Høgre altså er i medvind har det også storma rundt Lødemel lokalt. Då han i vinter snudde i kor E39 skal gå over Nordfjorden – etter å ha stått på Lote-Anda tidlegare går han no for indre fjordkryssing.

I Nordfjord har fleire blitt skuffa, svikne og forbanna. Hans eigne lokallag i Gloppen og Eid har ikkje ført valkamp for han i det heile.

– Viss ikkje dine eigne har tillit til deg, kvifor skal då veljarane ha det?

– Eg meiner Høgre har hatt ein ryddig prosess i forhold til traseval. Eg kom til mitt standpunkt i februar, og etter den tid har fylkesårsmøtet gjort sitt vedtak, og vi har også diskutert det og fått det inn i nasjonal transportplan. Vi hadde ei brei høyring i partiet før fylkestingsvalet der konklusjonen var indre.

– Eg føler vi har hatt ein ryddig prosess, og vi har hatt demokratiske prosessar som har konkludert med indre. Så eg føljer folk kan stole på meg og Høgre, seier han.