Lødemel og Hollevik toppar lista

Bjørn Lødemel frå Hornindal og Bjørn Hollevik frå Flora har sikra seg dei to topplassane på stortingslista for Høgre.

Bjørn Lødemel
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Det har vore mykje bråk kring nominasjonsprosessen i partiet. I forkant ønskte Florø Høgre Jacob Nødseth som toppkandidat, men nominasjonsnemnda i fylket hadde han ikkje ein gong inne på si liste.

Dei ville ha Bjørn Lødemel på topp og Bjørn Hollevik frå Florø som nummer to.

Fekk 44 av 45 røyster

Delegatane på møtet har no sagt sitt og har gitt Bjørn Lødemel frå Hornindal 44 av 45 røyster.

Andreplassen gjekk til Bjørn Hollevik frå Flora Høgre. Han fekk 31 røyster, medan Ole Gunnar Krakhellen frå Solund fekk 13 røyster. Ein delegat røysta blankt.

Grethe Kristin Lerum frå Sogndal fekk 3. plassen ved samrøystes val. Embla Belsvik frå Florø fekk 4. plassen, også ho ved samrøystes val.

Slik blei lista til slutt:

  1. Bjørn Lødemel, Hornindal (1)
  2. Bjørn Hollevik, Flora (2)
  3. Grethe Kristin Lerum, Sogndal (3)
  4. Embla Belsvik, Unge Høgre, Flora (4)
  5. Morten Hagen, Vågsøy (5)
  6. Tore Fossen, Førde - (benkeforslag)
  7. Anne Lilleaasen, Gaular (6)
  8. Harald Kvame, Naustdal (7)
  9. Ole Gunnar Krakhellen, Solund (9)
  10. Vilde Tøfte Øvstetun, Unge Høgre, Sogndal (8)

(I parents står nominasjonsnemnda sitt opphavlege forslag.)

Nødseth med krass kritikk

Tidlegare i dag blei det kjent at Jacob Nødseth frå Flora Høgre gav beskjed om at han ikkje var ein aktuell kandidat. Det blei lest opp eit brev frå Nødseth der han seier at nominasjonsprosessen i Høgre ikkje er i samsvar med Høgre sine grunnprinsipp.

Han meiner prosessen ikkje er ein rettsstat verdig.

– Det er nærastparodisk nominasjonsprosess, full av usanne påstandar, står det i brevet frå Nødseth.