Hopp til innhold

Lødemel og Djuvik feilinformerte: Lødemel beklagar

Bjørn Lødemel og Frank Willy Djuvik feilinformerte. I dag tidleg jubla både fylkesdirektøren for kultur og operasjefen då Frank Willy Djuvik sa at ekstraløyvingane til Opera Nordfjord skulle kome uavhengig av om fylkeskommunen auka sine tilskot.

Bjørn Lødemel og Frak Willy Djuvik

FEILINFORMERTE: Stortingsrepresentant for Høgre og fylkesleiar i Framstegspartiet Frank Willy Djuvik feilinformerte om løyvingane til Opera Nordfjord.

– Det var ikkje riktig. Og det beklagar eg, seier Bjørn Lødemel.

I mange kulturløyvingar er det slik at kommunar og fylkeskommunar må betale ein del av rekninga. For at statlege løyvingar skal utløysast må fylkeskommunar og kommunar også bidra.

I dag tidleg sa Frank Willy Djuvik at Opera Nordfjord, skulle få 800.000 kroner i ekstra løyvingar, og at det kom uavhengig av pengar frå fylkeskommunen. Både operasjefen og fylkeskultursjefen jubla, men gjorde det for tidleg.

Sjekka med departementet

Stortingsrepresentanten for Høgre seier han sjekka med kulturdepartementet i går.

– Eg fekk beskjed om at det ikkje var nokre bindingar på dei 800.000 Opera Nordfjord får. Det viser seg at det skal vere ei fordeling. Fylkeskommunen må inn med 30 prosent for å utløyse bidraget frå staten, seier Lødemel.

I år får Opera Nordfjord rundt 3,7 millionar i tilskot. Med dei 800.000 ekstra ville dei fått 4,5 millionar. No er dei 800.000 avhengige av at fylkeskommunen finn sine 30 prosent. Lødemel vel å håpe at fylkeskommunen finn pengane.

– Det betyr at Opera Nordfjord får endå meir pengar, sjølv om det blir ei utfordring for fylkeskommunen og kommunen.

– Ein fantastisk jobb

Stortingsrepresentanten skryt over Opera Nordfjord.

– Dei gjer ein fantastisk jobb med dei produksjonane vi ser og dugnaden vi ser. Det er eit flaggskip for kulturen i Sogn og Fjordane. Så eg håpar det går an å få det på plass, seier Lødemel.

I statsbudsjett er det sett av 3,3 millionar kroner til Musea i Sogn og Fjordane

– Når det gjeld musea er det reine pengar, seier Lødemel.

For godt til å vere sant

Kari Standal Pavelich

LITT SKUFFA: Operasjef Kari Standal Pavelich håpar fylkeskommunen klarar å finne pengar til operaen slik at dei frå auka løyvingane frå staten.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Operasjef Kari Standal Pavelich trur det vart gjort i god meining då dei to Stortingsrepresentantane kom med gladnyheita.

Men ho skjønar no at det var litt for godt til å vere sant.

– Eg blei jo veldig glad då eg trudde det ikkje vart bindingar til det ekstra tilskotet, men når det no viser seg å ikkje vere slik likevel, så vart det jo slik vi hadde rekna med likevel.

– Eit viktig signal

No håpar ho fylkeskommunen klarar å finne pengar slik at Opera Nordfjord får utløyst tilskotet.

– Eg tykkjer jo det gir eit viktig signal når staten vil gje Opera Nordjord ei så stor auke i løyvingar til neste år. Det er eit viktig signal til politikarane i fylket. Så eg håpar verkeleg at dei følgjer opp og vil vere med å støtte, seier Standal Pavelich.