Hopp til innhold

Skal springe dei seks mila mellom Førde og Florø for å få pengar til å bygge folkehøgskule

Kor mykje vil du betale for å sjå desse beina springe Førde – Florø? Danselærar Anders Nydal og eit knippe andre ved Sunnfjord Folkehøgskule skal springe 6 mil til inntekt for eit bistandsprosjekt i Sri Lanka.

Skal lodde vekk beina sine

LODDAR VEKK BEINA: Han loddar ut beina sine til inntekt for bistandsprosjekt i Sri Lanka. Laurdag skal han springe Førde–Florø og håpar mange vil sponse beina hans.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Det er mange måtar å samle inn pengar på til gode føremål. Sunnfjord Folkehøgskule skal samle inn pengar til å bygge folkehøgskule i Sri Lanka. Dei håpar på å få inn masse pengar på å springe frå Førde til Florø.

– Det starta med laust snakk i lunsjen. Eg er frå Florø og eg føreslo at vi like gjerne kunne springe frå Førde til Florø sidan eg bur der. Så vart det slik, fortel Anders Nydal som er danselærar ved folkehøgskulen.

Han har fått med seg ein kollega og to – tre elevar ved skulen til å springe dei seks mila til Florø frå Førde.

Aldri sprunge så langt før

No håpar han at folk skal bla opp og gje frå lommebøkene sine.

– Folk kan sponse oss med ein fast sum, eller per kilometer som dei trur vi klarar å springe. Det er berre å ta kontakt så skal vi ordne at folk får gi det dei vil, seier Nydal.

Nydal vedgår at det å springe seks mil er noko han aldri har gjort tidlegare. Han har knapt komme seg gjennom eit halvmaraton før han stiller til det som svarar til eit og eit halvt maraton.

– Eg er vel eigentleg ikkje heilt klar. Men planen er at vi skal i mål, uansett korleis stilen blir, ler Nydal som ikkje er heilt sikker på korleis det går.

Vil samle ulike folkegrupper

Men dei skal bli tatt godt vare på, ein følgjebil skal syte for at dei får i seg nok væske og mat som held energien oppe.

Nydal fortel at pengane skal gå til å bygge opp ein folkehøgskule i Sri Lanka.

– Det er eit flott og eksotisk land, men ikkje alle folkegrupper går så godt saman. Så vi ønskjer å lage ein plass der dei kan koplast saman på ein god måte.

Det er førstkommande laurdag at Nydal skal springe til Florø. Han håpar folk vil vinke og heie han fram langs vegen.