NRK Meny
Normal

LO vil redusere krafteksporten frå fylket

Sogn og Fjordane produserer årleg om lag 14 milliardar kilowatt-timar. Litt over halvparten av denne krafta blir i dag eksportert ut av fylket.

Nils P. Støyva

VIL HA KRAFTA LOKALT: – Vi må bruke meir av krafta lokalt, meiner distriktssekretær i LO, Nils Petter Støyva.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi må bruke fordelen vi har i form av denne elektriske krafta og få til lokal næringsutvikling. Vi kan ikkje legge kablar ut av landet vårt og sende krafta til kontinentet. Dette må vi bruke lokalt, seier distriktssekretær for LO i Sogn og Fjordane, Nils Petter Støyva.

Fylket vil tene på eit kutt

Sogn og fjordane står for om lag 10 % av den totale kraftproduksjonen i landet med 14 milliardar kilowatt-timar i året, eller straumforbruket til 560 tusen husstandar.

Fylket sitt kraftforbruk ligg på mellom seks og sju milliardar kilowatt-timar årleg, der storparten går til kraftkrevjande industri.

I dag er det er difor eit stort kraftoverskot som blir eksportert ut av fylket.

Støyva meiner eksport frå fylket, kan føre til auka straumprisar. Han meiner difor at ein bør redusere eksporten for å skape betre vilkår for dei kraftkrevjande næringane i fylket.

– Vi ser i dag at krafta vår blir eksportert ut av fylket vårt. Kundane får høgre nettleige av den grunn. No set vi fokus på at vi må få til lokal verdiskaping av denne krafta, seier Støyva.

Trur ikkje på kutt i eksporten

Konstituert nettdirektør for Sogn og Fjordane energi, Atle Isaksen, trur ikkje at ein redusert krafteksport vil vere bra for fylket. Og legg vekt på at redusert krafteksport kan få store konsekvensar for både små og store kraftprodusentar.

– Vi produserer mykje kraft og mykje meir enn det vi har bruk for i fylket i dag. Om vi reelt tenkjer å kutte eksport frå fylket så må mange kraftverk utan magasin la vatn renne rett på havet og tape dei inntektene som det kunne gitt.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen