Hopp til innhold

LO vil ha Hemsedalsfjellet

LO Sogn og Fjordane og LO Møre og Romsdal krev at regjeringa vel riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, som den nordlege aust-vest sambandet mellom Aust- og Vestlandet. – Dette er ei viktig sak for sysselsetting og næringsutvikling i Sogn og Fjordane. Det er difor vi seier tydleg ifrå, seier distriktssekretær i LO, Nils P. Støyva. Distriktskontoret i Møre og Romsdal støttar også dette synet, noko som er viktig for hemsedalsforkjemparane i trasékampen mot det andre alternativet, Hardangervidda.

Nils P. Støyva
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK