Hopp til innhold

LO uroar seg for Fjord1

Sjølv om fylket etter alt å døme blir sitjande på sin aksjepost, fryktar LO for framtida til Fjord1.

Arvid Langeland

UROA: Distriktssekretær i LO, Arvid Langeland, er uroa for framtida til Fjord1.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I dag avgjer Fylkestinget om dei skal kjøpe Møre og Romsdal fylkeskommune sin 41 prosent eigardel i transportverksemda Fjord1.

Sjølv om Arbeidarpartiet og Senterpartiet syter for fleirtal for å få Havila inn som medeigar, er LO uroa for kva som skjer om Høgre og FrP blir større i Fylkestinget.

– Då rokkar dei ved sjela vår. Då rokkar dei ved arbeidsplassane. Då set dei arbeidsplassane på spel, hovudkontoret blir ein saga blott i Florø. Vi ser berre følgjene av det som kan skje på sikt i høve til også andre selskap. Vi har Sogn og Fjordane Energiverk, seier distriktssekretær Arvid Langeland.

– Til å leve med

Møre og Romsdal fylkeskommune er samde med Havila om sal av deira aksjar for kring 350 millionar kroner . Sogn og Fjordane fylkeskommune har forkjøpsrett, men den forkjøpsretten vil ikkje fylkespolitikarane i trivselsfylket nytte - sjølv om mange meiner prisen er langt under den eigentlege verdien av aksjane.

Dei vil heller ikkje selje seg ned til 34 prosent slik fylkesrådmannen rådde til .

At Havila kjem inn på eigarsida, det kan Langeland leve med.

– Vi kunne tenkt oss at fylkeskommunen gjekk inn og kjøpte opp aksjane som er til sals frå Møre og Romsdal. Når dei har vald å gå for den andre modellen, å behalde aksjemajoriteten på 59 prosent og la Havila som eit seriøst selskap overta Møre og Romsdal sine aksjar, så er det akseptabelt, seier han.

Åtvarar mot sal

NRK kjenner til at også raudgrøne politikarar var inne på salstanken fordi fylkesrådmannen har forhandla fram ein god aksjonæravtale. Her kjem det mellom anna fram at holdingselskapet som fylkeskommune skipa, skulle få to styremedlem.

At fylkeskommunen ville få meir for sine aksjar enn Møre og Romsdal, vart også sett på som eit argument for å selje seg ned i selskapet. Likevel åtvarar Langeland for det alternativet.

– Då set du i gang ein runddans med arbeidsplassane, som vi i LO er veldig utrygge på. Den situasjonen tykkjer eg vi skal åtvare på det sterkaste mot. Det å byrje å selje seg ned i eit godt drive selskap, som fylkeskommunen stort sett har hatt ansvaret for, det tykkjer eg er ei fallitterklæring.

«Har ikkje greie på»

Frank Willy Djuvik

VIL SELJE: Frank Willy Djuvik (FrP)

Foto: FrP

Frp sin fylkesordførarkandidat, Frank Willy Djuvik, meiner det er større fare for arbeidsplassane i Florø om fylkeskommunen blir sitjande på aksjane.

– Dersom det hadde vore litt tak i LO her, så burde LO-medlemene meldt seg kollektivt ut av LO dersom LO ikkje snart tek tak i at fylkespolitikarane sit og skrantar og valtar med ting dei ikkje har greie på. Vi treng eigarar som er profesjonelle, som gjer at vi har gode tilsette som legg vilkår til rette og sikre arbeidsplassane til dei tilsette. Det gjer ikkje fylkeskommunen, seier Djuvik.

Klarer ikkje sjølve

– Er ikkje du også oppteken av dei arbeidsplassane som er i Florø?

– Jo, vi er veldig opptekne av dei arbeidsplassane og vi ser at vi ikkje har den kapitalen og ekspertisen som skal til for å utvikle dette selskapet. Då må vi få inn private aktørar som kan gå inn med større kapital og utvikle selskapet til det beste for dei tilsette og det beste for selskapet, held Djuvik fram.

Må få avgjere

Daniel Nedrelid er tillitsvald for fleire av dei tilsette innan drift, økonomi og marknad. Arbeidsplassar som kan forsvinne frå Florø om fylkeskommunen i framtida sel seg heilt ut.

Også hans skrekkscenario er at FrP og Høgre får tilslutnad for å kjøpe alle aksjane for umiddelbart å selje seg ned. Han er likevel ikkje totalmotstandar mot eit større nedsal.

– Det er eg ikkje så lenge vi kan få bestemme sjølv kven som skal få og korleis salet skal gå føre seg.

Sel arvesølvet

– Framstegspartiet og Høgre vil kjøpe for så umiddelbart starte førebuing for å selje seg ned.

– Det meiner eg er det totale galskap, seier Nedrelid.

Men Langeland meiner det er å selje arvesølvet å selje seg ned i transportselskapet

– Ja, er det det vi vil i dette fylket at her skal private komme inn og kjøpe opp det som eigentleg er arvesølvet vårt, avsluttar han.