Hopp til innhold

LO sin sommarpatrulje er på vegen igjen

Frå i dag og tre veker framover rullar LO si sommarpatrulje gjennom fylket. Dei har fokus på at unge arbeidstakarar skal få arbeidskontraktar, rett betalt og god nok opplæring.

Øyvind Møller

SKAL UT PÅ VEGEN: LO sin sommarpatrulje skal ute å sjekke korleis unge arbeidstakarar har det.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Sommar betyr ikkje ferie for alle. Mange skuleungdomar og studentar brukar ferien på å tene seg nokre ekstra kroner i ein sommarjobb. Men ikkje alle arbeidsgjevarar er like raske med å skrive kontraktar, gje rett betaling og opplæring.

– No startar vi i Førde og meir av den planlagde ruta vil eg ikkje røpe, så ikkje bedriftene får overtaket, seier ungdomssekretær i LO i Sogn og Fjordane, Øyvind Møller.

Manglar arbeidskontraktar

Gjennom 30 år har LO sine sommarpatruljar rulla landet rundt i sommarmånadane for å kontrollere at unge arbeidstakarar har det bra.

– Konseptet er at ungdom engasjerer seg for å hjelpe andre ungdomar, fortel Møller.

I år har sommarpatruljen fokus på tre område, lønn, opplæring og arbeidskontraktar.

– Det vi ser oftast er manglande arbeidskontraktar. Ungdomsrådgjevaren i LO sentralt sa det veldig godt; Om bedriftene skal få levert eller sendt noko så skrivast det kontraktar, men å skrive ei arbeidskontrakt kan tydelegvis vere svært vanskeleg, fortel Møller.

– Få deg arbeidskontrakt og god opplæring

Sogn og Fjordane er ifølge Møller ikkje det verste fylket, men han hevdar sommarpatruljen trengst.

– Om ein ser på landet samla førte kvart femte besøk til at ein fant brot, og når ein då var på 5890 bedriftsbesøk blir talet ganske høgt, seier han.

Møller sitt råd til ungdomar som har sommarjobb er å passe på at alt er på stell.

– Det er ikkje kjekt å pirke på lønn, opplæring og arbeidskontrakt fyrste dagen, men eg anbefaler alle å gjere det slik at dei får ein best mogleg kvardag på sommarjobben, seier Møller.

Han har også nokre råd til arbeidsgjevarane.

– Ta deg tid til å gje opplæring og skriv arbeidskontrakt. Er alt på plass trivst dei tilsette betre og yte meir, seier Møller.