Mannen i slutten av 40-åra var kasserar i LO Måløy og omegn då underslaget fann stad. Styret i foreininga gjekk til politiet for å melde mannen i sommar.
Mannen tilsto
Politiet tok så mannen inn til avhøyr der han tilsto å ha underslått pengane. Han skal ved fleire høve ha overført pengar frå foreininga sin bankkonto og over til sin eigen konto. Overføringane skal ha skjedd frå april 2004 til juni 2005. Til saman vart det overført heile 180.000 kroner frå foreininga sin konto.
Grov underslag
Retten reknar underslaget som grovt fordi mannen var kasserar og hadde tillit til å ta hand om det økonomiske i foreininga. Retten peikar på at mannen misbrukte denne tilliten til foreininga til å skaffe seg eiga vinning. Det vert også peikt på at beløpet mannen overførte til seg sjølv var stort. No må altså mannen gjere opp for seg bak murane.
Formildande
Totalt vert han dømd til 90 dagar fengsel, men 60 av desse er på vilkår med ei prøvetid på to år. Mannen si tilståing vert sett som formildande for straffa. Den tidlegare kasseraren må også betale ei erstatning til LO Måløy og omegn som tilsvarar underslaget på dryge 180.000 kroner.