LO går for Engebø-utbygginga

LO i Sogn og Fjordane er positive til planane om utvinning av rutil i Engebøfjellet.

Steinbrotet i Engebøfjellet

Steinbrotet i Engebøfjellet.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

Det er klart etter LO sin fylkeskonferanse i Florø. LO viser til at Engebøfjellet er ein av Norges største mineralførekomstar av rutilmalm, og eit prosjekt som kan gje opp til 170 arbeidsplassar.

- Sogn og Fjordane er eit fylke som har tradisjon for å nytte våre naturressursar på ein god måte og det er skapt viktige arbeidsplassar med høg verdiskaping, skriv dei i uttalen.

Positive ringverknader

Organisasjonen meiner det er naudsynt å sjå dei moglegheitene som ligg i den langsiktige etableringa og den kunnskap og kompetanse etableringa vil medføre.

- Vi må i tillegg evne og sjå dei positive ringverknadane som kjem i form av varer og tenester lokalt og regionalt samt utvikling av lokalsamfunnet, skriv dei vidare og meiner følgjene som eit sjødeponi kan medføre livet i Førdefjorden må grundig utgreiast.

Fryktar følgjene

Samstundes varslar Natur og Ungdom at dei vil gjere det dei kan for at den omstridde gruvedrifta ikkje får starte opp. Dei var i går på synfaring saman med representantar frå Nordic Mining og Naustdal kommune.

- Dette er ei veldig viktig sak. Natur og Ungdom er særleg opptekne av to overordna miljøsaker. Det eine er klimaendringar og det andre er å stogge tap av biologisk mangfald. Då er denne ei viktig sak fordi den vil få store følgjer for naturmangfaldet, særleg i Førdefjorden, seier Ragnhild Gjærum i sentralstyret.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.