NRK Meny
Normal

Denne politikaren sikra statsstøtte til nynorskorganisasjon

I framlegget til statsbudsjettet som kom i oktober, sto Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK) på bar bakke med null kroner i statlege tilskot. Men no, på trampen av året, er støtta sikra likevel.

Austevoll-ordførar Helge André Njåstad

SIKRA STØTTA: Helge André Njåstad er leiar av Kommunalkomiteen på Stortinget, som no har sikrar statsstøtta til Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK). Njåstad har tidlegare vore ordførar i Austevoll kommune, som er ein av medlemskommunane i organisasjonen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK) er ei interesseorganisasjon, med 120 medlemmar. Organisasjonen arbeidar for å skape positive haldningar til nynorsk språk og kultur.

I den blå-blå regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2015, kutta Kulturdepartementet støtta til LNK, noko som fekk styreleiar i organisasjonen, Solfrid Borge, til å ty til sterke ord:

– Dette er å halde nynorsken for narr!, sa ho til NRK da kutta vart kjent.

Men no har leiaren i Kommunalkomiteen på Stortinget, Helge André Njåstad frå Frp, kome organisasjonen til unnsetjing: LNK får halde på statsstøtta på 1,1 millionar kroner.

Slepp å kutte i kulturaktivitetar

– Det følast veldig godt!

Det seier leiar i LNK, Vidar Høviskeland, berre timer etter det blei klart at organisasjonen er sikra støtte for neste år. Han meiner det er svært viktig at støtta kom på plass.

– Viss ikkje hadde me måtte kutte i svært mange av dei kulturaktivitetane me driv i LNK, seier Høviskeland.

Høviskeland siktar da til dei tre nettstadene LNK driv: Framtida.no, Magasinett.no og Pirion.no som alle rettar seg mot barn og unge.

Leiaren understrekar at støtta gjer at dei no kan halde fram som vanleg, og sender ein stor takk til komitéleiar Njåstad for å ha sett kor viktig organisasjonen sitt arbeid er.

– Eg trur det har hjelpt på at politikarane kjenner til arbeidet me gjer og kva for organisasjon me er, seier Høviskeland.

Språklege utfordringar ved kommunesamanslåingar

Ei anna som er glad for tildelinga, er Marit Aakre Tennø i Noregs Mållag, no er pengane på plass. Tennø meiner det er bra at kommunekomiteen vil ta ansvar for å verne om det offentlege sin bruk av nynorsk:

– Eg må få rose komitéleiar Helge André Njåstad, som gjennom det her syner kor viktig dei språklege utfordringane ved ei kommunesamanslåing er, og som har trekt det fram ved at kommunalkomiteen no har redda desse midla til LNK.

Marit Aakre Tennø

NØGD: Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, er svært nøgd med at LNK no vert sikra statleg støtte.

Foto: Pressefoto / Noregs Mållag

Tennø synst Njåstad fortener ros for å ha sett kor viktig LNK sitt arbeid i nynorskkommunane er. Njåstad har sjølv tidlegare vore ordførar i Austevoll kommune, ein av medlemskommunane til LNK.

– Kva betyr det at statsstøtta no er på plass?

– LNK organiserer nynorskkommunane i Noreg, og det er mange av dei som er i ein situasjon kor dei står overfor kommunesamanslåingar som vil vere problematiske for nynorsken. Så sånn sett var vi uroa da kutta kom, avsluttar ei nøgd Tennø, som no altså ikkje treng å uroe seg meir.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå