Hopp til innhold

Livsmeistringssenteret får leve

Flagget til topps i Jølster.

Livsmeistringsenteret i Jølster

Flagget gjekk til topps hjå Senter for livsmeistring i Jølster etter at det vart klart at dei får pengar til vidare drift frå 2010.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Senter for Livsmeistring på Skei i Jølster får pengar til vidare drift. Det kom fram då Helsekomiteen på Stortinget i dag la fram sitt budsjett.

Senteret hadde søkt om 18 millionar kroner frå 2010 .

– Helsekomiteen har skrive mykje om senteret under kapittelet Psykisk helse, der me viser til at tilboda til senteret har vore under utvikling, og at det er eit veldig godt arbeid som vert gjort der, seier leiar i komiteen Laila Dåvøy (KrF).

Jublar: Leon Haugsbø, Kari Høyvik og Inger Helene Nordeide

NØGDE: Leon Haugsbø, Kari Høyvik og Inger Helene Nordeide.

Foto: Heidi Lise Bakke/NRK

Viktig med førebyggjing

Hjå senteret heng flagget no til topps. Og dei har god grunn til å feire.

Komiteen ser at senteret gjer eit viktig arbeid for å kunne gripe inn tidleg og for å kunne førebyggje.

– Det tyder at Senter for livsmeistring vil få midlar neste år, men me veit enno ikkje kor mykje, seier ho.

Ho håpar at senteret skal få mest mogleg av det dei har søkt om.

– Eg har, saman med Høgre og Framstegspartiet, synt til at dei har søkt om 18 millionar, og me håpar jo at dei får mest mogleg, aller helst dei 18 millionane.

Regjeringa bestemmer

No er det opp regjeringa å avgjere kor mykje prosjektet får til slutt.

Men Dåvøy er svært glad på senteret sine vegne.

– Det er veldig gledelig. Eg er så glad for at dei no kjem over i ein ny fase enn dei har vore då dei fekk utviklingsmidlar. Og dei har gjort ein formidalbel jobb.

Dåvøy seier at ho no skal besøke senteret i næraste framtid.

PS: Stortingsrepresentant Tor Bremer (Ap) meiner Døvøy og KrF ikkje fortener all æra for at Helsekomiteen støttar livsmeistringssenteret. Han understrekar at det var ein samla komité som gjekk inn for forslaget, og han påpeikar at det no er opp til Helse Vest å prioritere pengane.