Hopp til innhold

– Juletreet vil ta så kraftig fyr at ein ikkje får sløkt det

Butikkane klarar nesten ikkje levere nok levande juletrelys til nostalgiske kundar. – Galskap, meiner Norsk Brannvernforening.

Juletre

OPEN FLAMME: Levande lys er på moten, men høyrer ikkje heime om ein vil ha eit brannsikkert juletre.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Levande juletrelys er på moten, og julemagasina er fulle av dei. På Christiania Glasmagasin fortel Mina Kristin Østbye i sesongavdelinga på Stortorvet i Oslo at salet har gått veldig opp dei siste åra.

Mor og barn tenner juletrelys

NOSTALGI: Mange vil ha den gammaldagse kjensla i stova med jul.

Foto: Scanpix / SCANPIX

– Vi må fylle på kvar time for å dekke etterspurnaden, og folk kjøper mange pakkar kvar, seier ho.

Mest i romjula

Administrerande direktør i Norsk Brannvernforening, Dagfinn Kalheim, er overraska over trenden. Tal frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap viser at det i desember i fjor var 660 bustadbrannar i Norge. Snittet resten av månadene var under 300.

Dagfinn Kalheim

ÅTVARAR: Dagfinn Kvalheim i Norsk Brannvernforening er overraska over at nokon kan finne på å ha levande lys i julegrana.

Foto: Norsk brannvernforening

Berre i juleveka, mellom jul og nyttår, var det 248 brannar.

– Det er ei veldig auke i brannar i desember, og i veka mellom jul og nyttår er det tre gongar så mange som vanleg, seier Kalheim.

– Høyrer ikkje heime

Kalheim åtvarar sterkt mot å bruke levande lys i juletreet.

– Dette høyrer ikkje heime i stova. Eit juletre vil ta fyr så fort at ein ikkje klarar å sløkke det med brannsløkkingsapparat, seier han.

Sjå kor fort eit juletre tek fyr her.

– Det er jo rart at nokon i det heile kan finne på noko slikt. Eit lite lys på ei klype på ei vinglete grein veltar veldig fort, og eit tørt juletre er ekstremt brannfarleg, seier Kalheim.

Prøver å åtvare

På Audhild Viken i Skei i Jølster, sel dei òg levande lys til juletrea.

– Desse må vi alltid ha i julebutikken, for dei går det jamt og trutt av, seier Eli Viken i butikken.

Eli Viken

SMÅ: Eli Viken held fram eit av dei farlege juletrelysa.

Foto: Lars Erik Haukedal Andreassen / NRK

Ho prøver å fortelje kundane at dei må vere forsiktige med å ha open eld så nær juletreet.

– Sjølv ville eg aldri våga å ha slike lys på trea, så eg prøver jo å ta opp sikkerheiten litt over kassa, seier ho.

Tek kritikk

Interiørmagasin er ofte ei stor inspirasjonskjelde når folk flest skal pynte til jul.
I Idémagasinet Julen er det levande lys i juletre og dekorasjonar på nesten kvar einaste side.

– Det rullar ei nostalgisk bølgje over landet, og folk ynskjer seg kanskje litt tilbake til gamledagar, seier redaktør i magasinet, Kristin Ma Berg.

Når NRK fortel ho kor brannfarleg lysa er, tek ho sjølvkritikk på at dei ikkje har sikkerheitsåtvaringar saman med alle bileta.

– Vi skulle nok ha skrive ei åtvaring i bladet, og det tek eg kritikk for, seier ho.

Samstundes vil ho ikkje slutte å trykke bilete av dei brannfarlege lysa.

– Vi skal nok skrive eit obs i bladet til neste år, men vi viser fram det som er på moten, og som folk vil ha, seier ho.

– Viktigast at det er fint

På Christiania Glasmagasin trur Østbye folk er meir opptekne av kva som ser fint ut når dei handlar julepynt.

– Eg trur dei som går her og handlar, syns det er viktigast at ting ser fine ut, og akkurat no går mange etter den tradisjonelle pynten. Men eg vil jo tru at dei tenkjer litt på sikkerheita òg, seier ho.

Håpar på fornuft

Kalheim i Brannvernforeninga, håpar folk ofrar litt av nostalgien og brukar elektriske lys på juletrea.

– Eg håpar folk tek til fornuft. Ein brann i stova vil gje jula ein brå og tragisk slutt. Levande lys er veldig koseleg, såframt dei vert brukt under trygge forhold, avsluttar han.