Utkøyrsla som ligg på den mest utsette staden for steinsprang på den rasfarlege vegen, vert ofte nytta av både turistbussar og vogntog. Det er folk på avkøyrsla
Ola Søgnesand. Foto: Ragnvald Søgnesand.
mest heile tida om sommaren, sier Søgnesand.
Farleg område
I fjor mista ein 19-åring begge beina då steinblokker trefte bilen han køyrde. Fire år tidlegare omkom ein 18-åring då ein stein kom susande inn bussvindauget frå mange hundre meters høgde. Begge desse ulukkene skjedde få meter frå utkøyrsla Søgnesand no vil ha stengd.
Ser over vatnet
Ola Søgnesand bur tvers over vatnet og har utsikt rett over til utkøyrsla. I helga var det først og fremst jordmasser som rasa ut langs elvefar, og avkøyrsla vart ikkje råka. Likevel meiner han Vegvesenet no må gjere noko.