Hopp til innhold

KrF-politikar: – Eg er livredd for å trakke feil

FØRDE (NRK): Storehaug fekk støtte av fleirtalet for å velje venstresida, då KrF-laga i Sunnfjord samla seg for diskutere vegvalet til partiet. Sjølv synest han debatten har vore open, men kolossalt krevjande.

Tore Storehaug og Kjell Skaaheim, Førde KrF

RØYSTA OVER VEGVALET: Kjell Skaaheim frå Førde KrF og Tore Storehaug då KrF-laga i Sunnfjord samla seg.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ekteparet Gerd og Karl Russøy var blant tilhøyrarane som ville velje venstresida i norsk politikk.

– Eg meiner dei bør gå til Ap og Sp, fordi dei partia har lege mitt hjarte nær. Eg har av og til stemt på dei, seier Gerd.

– Hareide er på rett veg. Eg trur KrF kan få ein mykje større plass i eit regjeringssamarbeid der, seier Karl.

Korleis vil det bli å regjere med SV som nokon ser på som vanskeleg i forhold til kristendomen?

– Eg trur vi er veldig einige med SV på den andre sida av politikken, så samla sett trur eg difor at vi vinn på det, seier han.

Gerd og Karl Russøy

HJARTE FOR VENSTRESIDA: Gerd og Karl Russøy vil velje venstresida.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vil ha Støre som statsminister

Av 18 frammøtte på Førde KrF sitt ekstraordinære årsmøte ville 14 gå i regjering med Ap og Senterpartiet, slik partileiaren har teke til orde for. Dei siste 4 ville i regjering med høgrepartia.

Difor valte dei fire delegatar som støtta venstresida, og ein delegat som støtta høgresida til fylkesårsmøtet i partiet. Der skal det vidare veljast kven som skal vere på landsmøtet der heile saka skal bli avgjort.

Ein krevjande debatt

Hovudgjesten på møtet, stortingsrepresentant Tore Storehaug, seier debatten har vore open, ærleg og raus, men at det er krevjande å føre ein så vanskeleg debatt for partiet – i eit flaumlys av merksemd frå media, folk og heile det politiske Noreg.

Tore Storehaug
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg er livredd for å trakke feil, fordi eg vil at dette skal handle om argumenta og om kva som tener KrF og ikkje om prosessen. Så eg tenkjer tre gonger før eg opnar munnen, i motsetning til to gangar som eg gjer til vanleg, seier han.

Samstundes synest han partiet er i ein privilegert situasjon, særleg med tanke på eit aukande tal medlemmar som kjem til KrF.

– Vi prøver å gjere det beste ut av det. Når var det siste KrF fekk 1700 nye medlemmar på berre ei veke? Eg håpar vi klarer å behalde elden som er tent no.

Fire ville ha Høgre

Irene Barmen Hoel frå Jølster var blant dei som slett ikkje ville at KrF skulle gå til venstre.

– Det er eit tungt ansvar som ligg på oss. Eg deler ikkje konklusjonen til Hareide. Eg er skuffa over at han vil til venstre. Ap er eit ateistisk parti, og dei er negative til Israel, sa ho frå talarstolen.

Bjarte Urnes frå Førde ville heller ikkje gå for venstresida.

– Venstresida har ikkje stått opp for familien. Dei er meir opptekne av velferdsstaten, enn velferdssamfunnet.

Irene Barmen Hoel, krf

IKKJE EINIG MED HAREIDE: Irene Barmen Hoel var blant dei som valte høgresida.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK